Wally Gold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wally Gold
Wally Gold.jpg
Fødd15. mai 1928
FødestadBrooklyn
Død7. juni 1998 (70 år)
FødenamnWalter Gold
OpphavUSA
Instrumentvokal
Verka somsinger-songwriter, songar, musikkprodusent, travel agent

Wally Gold (15. mai 19287. juni 1998)[1] var ein USA-amerikansk musikar, songar, plateprodusent og plateselskapdirektør[2] frå Teaneck i New Jersey.

Gold var først saksofonist i eit U.S. Navy-band under andre verdskrigen. Etter krigen byrja han å syngje i gruppa The Four Esquires, og turnerte med dei til seint i 1950-åra. I 1960 slo Gold seg saman med Aaron Schroeder og i lag skreiv dei to store hittar for Elvis Presley, «It's Now or Never»[2] (1960) og «Good Luck Charm» (1962). På denne tida skreiv Gold òg Lesley Gore-hitten «It's My Party».[3] Songane til Gold er blitt spelte av mange artistar, som Duane Eddy sin «Because They're Young», Gene Pitney sin «Half Heaven-Half Heartache» og «Take Me Tonight», Nat King Cole sin «Time and the River», og songar for Paul Petersen og Pat Boone.

I midten av 1960-åra vart Gold henta inn som fast produsent for Columbia Records, der han produserte album for Tony Bennett og Jerry Vale, og Barbra Streisand-albumet «What About Today?» i 1969.

I 1970-åra gjekk Gold over til å bli visedirektør og dagleg leiar for musikkorganisasjonen til Don Kirshner,[4] der han oppdaga og produserte bandet Kansas. Han arbeidde òg med andre prosjekt, som TV-showet Musical Chairs (1975) og TV-komiserien A Year at the Top (1977) med Paul Shaffer og Greg Evigan.

Etter han slutta i musikkindustrien, arbeidde Gold som reisebyråagent fram til han døydde av kolitt i 1998, 70 år gammal.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Doc Rock. «The Dead Rock Stars Club 1998 – 1999». Thedeadrockstarsclub.com. Henta 31. mars 2013. 
  2. 2,0 2,1 Leigh, Spencer (15 Jun 1998). «Obituary: Wally Gold». Independent. 
  3. TUMPOSKY, ELLEN (18 Feb 2015). «Brooklyn woman recalls origins of Lesley Gore's 'It's My Party' from teen outburst». Gore's number-one hit «It's My Party» (NEW YORK DAILY NEWS). 
  4. Editor (11 Jan 2016). «Rock band Kansas coming to Cone Denim Entertainment Center». Greensboro News & Record. greensboro.com.