Walt Disney Animation Studios
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Walt Disney Animation Studios, nokre gonger forkorta til Disney Animation, er eit amerikansk animasjonsstudio som lagar animerte kort- og langfilar for The Walt Disney Company. Det vart grunnlagt 16. oktober 1923 av brørne Walt Disney og Roy O. Disney og opererer som ei underavdeling av Walt Disney Studios.
Studioet har hovudkvarter i Roy E. Disney Animation Building på Walt Disney Studios-tomta i Burbank, California. Det har sidan det vart grunnlagt produsert fleire langfilmar, frå 1937-filmen Snow White and the Seven Dwarfs til Frozen 2 i 2019, i tillegg til hundrevis av kortfilmar.