Walter Becker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walter Becker

Becker i 2013
Fødd20. februar 1950(1950-02-20)
FødestadQueens i New York i USA
Død3. september 2017 (67 år)
DødsstadManhattan i New York i USA
FødenamnWalter Carl Becker
OpphavUSA
Aktiv1969–2017
SjangerJazzrock
Instrument
  • Gitar
  • bassgitar
  • vokal
Tilknytte artistarJay and the Americans, Steely Dan, Donald Fagen, China Crisis
PlateselskapABC, MCA, Giant, Reprise, Warner Bros.
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

Walter Carl Becker (20. februar 19503. september 2017) var ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar og plateprodusent. Han var mest kjend for å ha vore med å skipe jazzrockbandet Steely Dan, der han spelte gitar, bass og var låtskrivar.[1][2]

Becker møtte den framtidige låtskrivarpartnaren Donald Fagen då dei begge studerte ved Bard College. Etter ein kort periode med aktivitet i New York City, flytta dei to til Los Angeles i 1971 og skipa kjernen av Steely Dan, som dei neste ti åra fekk stor suksess som eit kritikarrost band. Då gruppa vart oppløyst flytta Becker til Hawaii og vart mindre aktiv, og arbeidde stort sett som plateprodusent. I 1985 var han ei kort stund medlem av det engelske bandet China Crisis, og produserte og spelte synthesizer på albumet deira Flaunt the Imperfection.

Becker og Fagen starta opp att Steely Dan i 1993 og vart verande aktiv dei neste tjue åra. Dei spelte mellom anna inn Two Against Nature (2000), som vann fire Grammyprisar. Becker gav ut to soloalbum, 11 Tracks of Whack (1994) og Circus Money (2008). Etter å ha kjempa mot spiserøyrskreft, døydde han 3. september 2017.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann eller produsent[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «STEELY DAN biography». Great Rock Bible. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 9. januar 2021. 
  2. Russonello, Giovanni, «Listen to 13 Essential Walter Becker SongsNew York Times, 2017-09-04. Accessed 10. januar 2021.
  3. Jones, Chris (16. juli 2008). «BBC Music Review». BBC. Henta 9. januar 2021. 
  4. «Walter Becker | Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 8. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]