Walter Garstang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walter Garstang
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 9. februar 1868
Blackburn
Død

23. februar 1949 (81 år)
Oxford

Yrke zoolog, marinbiolog
Språk engelsk

Walter Garstang (9. februar 186823. februar 1949) var ein britisk zoolog og marinbiolog som hovudsakleg arbeidde med funksjonell biologi av larvestadia til ymse virvellause dyr. Han var òg kjend som ein ivrig amatørdiktar og som ein hissig motstandar av den biogenetiske «lova» til Ernst Haeckel, som hevdar fosterutviklinga speglar evolusjonshistoria.

Han arbeidde som professor ved Lincoln College i Oxford frå 1894 til 1897, arbeidde med fiskeribiologi ved Plymouth til 1902 og var professor ved University of Leeds frå 1908 til 1933.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Walter Garstang var særs interessert i funksjonell anatomi og økologi hjå larvestadia til fleire ulike dyregrupper. Han arbeidde iherdig for det synet at tilpassingar ein såg i larva måtte forståast i seg sjølv heller enn berre ut frå kva følgjer dei får for det vaksne dyret.

Dette førte til at han kom i konflikt med tilhengarar av Ernst Haeckels biogenetiske lov om at «ontogenien følgjer fylogenien», det vil seie at larve- eller fosterstadia hjå ein art kan sjåast som gjennomleving av tidlegare evolusjonshistoriske stadium. I byrjinga av 1900-talet, då Garstang gjorde mesteparten av arbeidet sitt, var dette synet nesten sett på som ei naturlov. Basert på dei grundige studia Garstang gjorde av ymse evertebratlarvar forstod han at dette ikkje kunne vera riktig, og i 1921 publiserte han den kritiske artikkelen «The Theory of Recapitulation: a critical Restatement of the Biogenetic Law» i Det Linneanske Selskapet i London.

Det var òg her han lanserte omgrepet pedomorfose, som den dag i dag vert brukt om mutasjonar som fører til kjønnsmogningar i dyr som enno ikkje har fått utvikla dei vaksne trekka sine; eit fenomen me mellom anna kjenner frå axolotlsalamanderen og kappedyrgruppa Larvacea. Garstang trudde dette òg gjaldt for opphavet til virveldyra; at ur-virveldyra stamma frå pedomorfe rompetrollarvar av det slaget ein finn hjå kappedyra.

Mange av Garstang sine idear var reine spekulasjonar, og fleire av dei har vorte avkrefta med bruk av molekylære metodar. Ein reknar i dag at rompetrollarva er den opphavlege forma til ryggstrengdyra, og at kroppsplanet til kappedyra er utvikla etter at dei fylogenetiske linjene deira skilde lag med lansettfisken og virveldyra.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

I 1951 vart den einaste diktsamlinga til Walter Garstang gjeven ut. Boka fekk tittelen Larval forms - zoological verses og er ei samling av rim- og taktfaste dikt som hovudsakleg tek for seg larveutviklinga og evolusjonshistoria til ulike virvellause dyr. Fleire av dikta vart skrivne for å formidla nye, originale teoriar (m.a. The Ballad of the Veliger or How the Gastropod got its twist, kor han spekulerer i om torsjon hjå sniglar utvikla seg som ei antipredatortilpassing hjå larvane), medan andre berre er skrivne for å formidla fag på ein underhaldande måte. Ein finn òg fleire krasse åtak på Haeckels biogenetiske lov i diktinga til Garstang.

Walter Garstang nytta fleire ulike verseformer, men pentametriske eller tilnærma pentametriske strukturar dominerte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Garstang, Walter: Larval forms - zoological verses Basil Blackwell, Oxford 1962
  • Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2003