Walter Heitler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walter Heitler

Fødd2. januar 1904
Karlsruhe i Tyskland
Død15. november 1981 (77 år)
Zollikon i Sveits
NasjonalitetTysk
OmrådeKvantemekanikk
Yrkefysikar, universitetslærar, kjemikar, filosof
InstitusjonarUniversity of Bristol
Universitetet i Leiden
Universitetet i Leiden
Alma materLudwig-Maximilians-Universität München
DoktorgradsrettleiarKarl Herzfeld
Kjende studentarSigurd Zienau
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
ReligionJødedom

Walter Heinrich Heitler (2. januar 190415. november 1981) var ein tysk-sveitsisk fysikar. Heitler arbeidde hovudsakleg med kvantemekanikk og skreiv mange vitskaplege avhandlingar, mellom anna Quantum Theory of Radiation frå 1936 som er eit standardverk for kvanteteorien for elektromagnetisk stråling.

Han var privatdosent ved universitetet i Göttingen frå 1929 til 1933, men måtte då reise frå Tyskland på grunn av dei politiske tilhøva der. Fram til 1941 var han stipendiat ved universitetet i Bristol, før han vart professor ved Institute for Advanced Studies i Dublin fram til 1949. Han vart så professor i teoretisk fysikk ved den tekniske høgskulen i Zürich.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]