Hopp til innhald

Wang Beixing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wang Beixing


StatsborgarskapFolkerepublikken Kina
Fødd10. mars 1985 (41 år)
Harbin
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2010 – 500 meter kvinner
Wang Beixing i 2007.

Wang Beixing (fødd 10. mars 1985) er ein kinesisk tidlegare skeiseløpar frå Harbin. Ho vart i 2009 verdsmeister i sprint-firkamp.

Wang kom på andreplass på 500 meter i VM enkeltdistansar 2005. Ho deltok i Vinter-OL i 2006 i Torino og fekk som best ein sjuandeplass på 500 meter. I VM enkeltdistansar 2008 i Nagano vart ho nummer to på 2 × 500 m bakom tyske Jenny Wolf. I januar 2009 sigra Wang då Skeise-VM 2009 i sprint-firkamp vart avvikla i Moskva, nemnde Wolf vart nummer to. Seinare i sesongen tok Wang ein ny sølvmedalje på 500 m i VM enkeltdistansar.

Under dei olympiske leikane i Vancouver i 2010 gjekk ho i mål til bronsemedalje på 500 meter. Ein medalje av sam valør fekk etter 500 m i VM enkeltdistansar 2011. To år seinare vart ho i Sotsji sølvmedaljør på 500 m i VM enkeltdistansar 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Wang Beixing