Wang Junxia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wang Junxia
Verkeleg namn Kinesisk skrift 王军霞
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 19. januar 1973 (51 år)
Jiaohe
Idrett friidrett
Tok del i

Asialekene 1994, Sommar-OL 1996

Wang Junxia (fødd 9. januar 1973) er ein kinesisk tidlegare langdistanseløpar frå Jiaohe i Jilin-provinsen, som nokre sesongar midt i 1990-åra dominerte på langdistansane i friidrett. Ho vart verdsmeister på 10 000 meter i 1993 og olympisk meister på 5 000 m i 1996.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wang vann 10 000 meter under junior-VM 1992 i Seoul på tida 32.29,9, framom etopiske Gete Wami. Same året kom ho på andreplass i junior-klassa i terrengløp-VM, etter britiske Paula Radcliffe.

Året 1993 var Wang sitt magiske år. Fyrst vann ho gull vid Asia-meisterskapen på 10 000 meter med tida 34.19.3. Den 21. august vann ho gullmedaljen milløpet meter under Stuttgart-VM med tida 30.49,3, ny meisterskapsrekord. Under dei kinesiske idrettsleikane 1993 slo Wang tre verdsrekordar. Den 8. september vann ho 10 000 meter med tida 29.31,7, ei tid som var ufattelege 42 sekundar snøggare enn Ingrid Kristiansen sin verdsrekord. Den 11. deltok Wang på 1 500 meter og enda på andreplass med tida 3.51.9, slått av Qu Yunxia. Endå om ho vart nummer to, sprang ho fortare enn den tidlegare verdsrekorden til Tatjana Kazankina. Dagen etter, den 12. september, sprang Wang 3 000 meter. I den fyrste semifinalen sette Zhang Linli ny verdsrekord med vel eit halvt sekund til 8.22,0, ein rekord som stod i mindre enn ein time før Wang i sin semifinale sprang på 8.12,1. Dagen etter i finalen sprengde ho sin ferske verdsrekord då ho vart klokka inn på 8.06,1, ei tid ingen sidan har vore i nærleiken av.

I 1995 braut Wang med trenaren Ma Junren, mannen som stod bak triumfane til dei kvinnelege mellom- langdistanseløparane frå Kina. Wang sitt siste meisterskap vart sommarleikane 1996, der ho vann gullmedaljen på 5 000 meter etter å ha lagt Kenyas Pauline Konga 3,6 sekundar bak seg på sisterunda. Fem dagar seinare fekk ho sølvmedaljen på 10 000 meter, slått med eit lite sekund i spurten av Fernanda Ribeiro frå Portugal.

I 2016 vart det offentleggjort eit brev frå 1995 der Junxia vedgjekk at ho mot si vilje blei dopa av treneraren sin.[1]

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kristiansens rekordrival hevder hun ble tvangsdopet». VG. 5. februar 2016. Henta 7. mars 2023.