Wang Zhen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wang Zhen


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 24. august 1991 (32 år)
Suihua
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Asialekene 2014, Friidrett under Sommar-OL 2016

Wang Zhen (fødd 24. august 1991) er ein kinesisk kappgjengar frå Suihua i Heilongjiang-provinsen. Han vart olympisk på 20 km i 2016 og tok VM-sølv i 2015 og OL-bronse i 2012 på same distansen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wang vart fjerdemann på 20 km i verdsmeisterskapen 2011 i Daegu i Sør-Korea, 16 sekundar bak bronsevinnaren. Året etter sette han 30. mars 2012 personleg rekord på distansen med tida 1.17.36 i ei tevling i Taicang i heimlandet. Fire månader seinare gjekk han inn til bronse under sommarleikane 2012 i London. I verdsmeisterskapen i Moskva i 2013 vart han diskvalifisert.

På heimegrunn i Kina sikra Wang seg sølvmedaljen på 20 km då VM 2015 vart avvikla i Beijing. Høgdepunktet kom då han i Rio de Janeiro i 2016 vann den olympiske gullmedaljen på distansen, 12 søkeundar frør landsmannen Cai Zelin.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]