Wareham

Koordinatar: 50°41′N 2°6′W / 50.683°N 2.100°W / 50.683; -2.100
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wareham i Dorset)

Wareham

Wareham Quay
Wareham Quay
Wareham Quay
Plassering
Wareham is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Dorset
Distrikt Purbeck
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

5 665
Koordinatar 50°41′N 2°6′W / 50.683°N 2.100°W / 50.683; -2.100
Diverse annan informasjon
Postnummer BH20
Telefon-retningsnummer 0 1929
Commons har multimedium som gjeld: Wareham


Wareham er ein marknadsby i Dorset i England. Byen er administrasjonssenter for distriktet Purbeck, og ligg ved elvane Frome og Piddle, i nærleiken av Poole Harbour.

Byen er bygd på eit strategisk viktig punkt mellom dei to elvane. Dei eldste gatene følgjer eit romersk mønster, men som by vart staden først grunnlagt i angelsaksisk tid. Dei eldste bygningsrestane er delar av bymuren, opphavleg ein voll som vart reist av Alfred den store800-talet for å verne byen mot vikingar.

Wareham var ein saksisk kongeleg gravstad. Blant dei fremste som vart gravlagt der er Beorthric av Wessex og Edvard Martyren. Sistnemnde vart flytta til Shaftesbury Abbey, men kista frå 978 som han opphavleg vart gravlagt i er bevart i Wareham.

Etter Monmouthopprøret i 1685 var Wareham eit av stadane der domar Jeffreys heldt sine «blodige rettargangane». Dei som vart dømd vart hengt frå bymuren.

I 1762 vart to tredjedelar av byen øydelagt av brann. Han vart bygd opp att i georgiansk stil, med raud teglstein og kalkstein frå Purbeck. ein heldt det romerske rettlinja gatenettet. Byen er delt inn i fire delar av dei to hovudvegane, som kryssar kvarandre i rett vinkel. Almissehusa frå mellomalderen overlevde brannen, og nokre av dei georgianske fasadane skjuler òg eldre bygningar som vart redda.

På grunn av dei avgrensa høva til å utvide byen, med elver og myrlandsskap på alle kantar, voks byen lite på 1900-talet, medan andre byar som Poole voks kraftig.

I nærleiken av byen ligg militærleiren Bovington, der Lawrence av Arabia døydde i ei motorsykkelulukke. I St. Martins kyrkje finst det ein skulptur av han, og han er gravlagt på Moreton kyrkjegard. Kvart år blir lagt mange roser på grava hans, og mengda søkk med éin kvart år. Kva dette symboliserer er ikkje kjent.

Marknaden, som vart oppretta på 1400-talet, vert enno halden kvar torsdag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]