Warfog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logoen til Warfog.

WARFOG er ein norsk interesseorganisasjon av og for menneske med skader etter arbeidsinnsats gjort i krigssonar, men òg anna væpna offentleg teneste.

Organisasjonen har etablert eit nettverk som dei ønskjer skal vere ein ressurs for alle som på ein eller annan måte er berørte av problemstillingar knytte til mentale skader som posttraumatisk stressliding (PTSD) etter slikt arbeid, og å heve kunnskapen om førstehjelp for psykiske traume.

Hovudmålet til organisasjonen er å hjelpe dei mange som har utvikla PTSD og/eller andre psykiske skader som følgje av traumatiske opplevingar under tenesta, og hjelpe dei tilbake til eit betre liv.

WARFOG vart oppretta i 2002 som eit uformelt friviljug nettverk av og for skadde veteranar frå blant anna FN- og NATO-teneste. Nettverket inkluderer òg pårørande, pluss mange støttemedlemer.

Organisasjonen famnar òg andre yrkesgrupper, men har likevel valt å behalde «Warfog» som namn på organisasjonen og deira nettbaserte forum.

WARFOG vert driven på ideell basis. Alt av tilgjengelege ressursar og midlar går direkte til å hjelpe skadde veteranar og familiane deira.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]