Warhammer 40 000

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Warhammer 40,000)

Warhammaer 40 000 universet (uformelt ofte kjent som Warhammer 40k, WH40k eller berre 40k) er eit science fantasy miljø produsert av Games Workshop. Det fiktive universet er sett til det 41. millenium og er kjenneteikna av mørk og blodig dystopi som nyttar fleire legender, eventyr, religiøse verk og faktisk historie for inspirasjon.

Miljøet vert brukt som bakgrunn i miniatyrspelet ved same namn, fleire bøker ifrå The Black Library og dataspel. Grunna storleiken på gruppene i miljøet sine territorium, kan fleire historier trygt utspele seg på same tid utan å skape konflikt med kvarandre.

Miljøet 40K[endre | endre wikiteksten]

Artar og grupperingar[endre | endre wikiteksten]

Universet har mange artar, fleire av dei splitta i to eller fleire grupper som ofte ligg i strid med kvarandre. Dei gruppene som Games Workshop hovudsakleg marknadsfører som eigne hærar er Chaos Space Marines, Daemonhunters, Dark Eldar, Eldar, Imperial Guard, Necrons, Orks, Space Marines, Tau Empire, Tyranids og Witch Hunters. Dette er ikkje alle artane og grupperingane som er med i miljøet 40k, då fleire er i bakgrunnsstoffet eller har ei rolle i andre spel.

Chaos Space Marines ('Kaos-rommarineinfanteriet') Genetisk modifiserte menneske som er blitt muterte av kaoskreftene, ofte stygge og demonliknande.
Demonhunters ('«Demonjegarar»') Ei undergruppe av Imperiet sin inkvisisjon. Spesialisert på å jakte demonar.
Dark Eldar ('Dei Mørke Eldre. Korsarfart.') Del av ein gamal rase som vart mykje herja under fødselen av kaosguden Slaanesh. Denne undergruppa av Dei Eldre vart piratar som ofra til kaosguden på grunn av dette. Vonde alvar i verdsrommet.
Eldar ('Dei Eldre') Del av ein gamal rase som vart mykje herja under fødselen av kaosguden Slaanesh. Denne gruppa av Dei Eldre trekte seg tilbake og fokuserer alt på å redde sjelene sine. Alvar i verdsrommet.
Imperial Guard ('Den keisarlege garde') I det dystre 41. millenium treng Imperiet millionar av troppestyrkar for å beskytte seg. Det jamne mennesket i uniform og Imperiet si første og siste forsvarslinje.
Necrons ('Nekrotikk') Ein rase autonome robotar med sjel, som er beint innstilt på å rydde ut alt liv. Draugar, skrømt og vampyrar i verdsrommet.
Orks ('Orker') Ein avansert form for soppinfeksjon, skapt som motvekt til Nekrotikkane. Orkar i verdsrommet. Ville, galne og meiner bilen med raud lakkering går fortast. Troll i verdsrommet.
Space Marines ('Rommarineinfanteriet') Genmanipulerte supermenneske, utstyrt med dei beste våpen til imperiet. Riddarar i det ytre rom.
Tau Empire ('Tau-riket') Ein ung og ny rase, teknologisk nytenkjande og optimistiske. Inndelt i eit kaste-system og arbeider under ein ideologi for eit «større gode». Japanske kamp-robotar i verdsrommet.
Tyranids ('Tyranidar') Utanomgalaktiske dyr som i hordar fortærer planetane dei invaderer. Fleire er spesialisert for eigne oppgåver. Insekt i verdsrommet.
Witch hunters ('Heksejegarar') Ei undergruppe av imperiet sin inkvisisjon, spesialisert på å jakte og drepe kjettarar. Krigsnonner, sjølvpiskarar og prestar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]