WarioWare, Inc.: Minigame Mania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
WarioWare, Inc.: Minigame Mania
Utviklar(ar)Nintendo R&D1
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Hirofumi Matsuoka
Produsent(ar)Takehiro Izushi
Komponist(ar)Ryoji Yoshitomi
Kyoko Miyamoto
SerieWarioWare
Plattform(er)Game Boy Advance, GameCube
UtgjevingGame Boy Advance
JP: 21. mars 2003
EU: 23. mai 2003
NA: 26. mai 2003
GameCube
JP: 17. oktober 2003
NA: 5. april 2004
EU: 3. september 2004
SjangerAction, rytme
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 3, PEGI 7
Nettstadhttps://www.nintendo.co.jp/n08/azwj/index.html, https://www.ique.com/games/G_mwario.htm
Del av serien WarioWare⠀
WarioWare: Twisted!

WarioWare, Inc.: Minigame Mania, kjent i Japan som Made in Wario og i Nord-Amerika som WarioWare, Inc.: Mega Microgame$!, er eit dataspel utvikla og utgjeve av Nintendo. Det var gjeve ut i Japan mars 2003 og i Europa og Nord-Amerika mai same året. Spelet er det første i WarioWare-serien, der Wario og nokre vener skipar eit føretak som lagar dataspel.[1]

Ei utgåve av spelet med fleirspelarfunksjonar, titulert WarioWare, Inc.: Mega Party Games!, vart gjeven ut til Nintendo GameCube i 2004.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Spelet startar i heimen til Wario, der han slår på fjernsynet for å sjå ei sending om at sal av dataspel går oppover. Etter ei ørlita stund skjøner Wario at dataspel kan vere ei potensiell gullgruve for han. Han renner ut av huset og kjøper seg ei datamaskin for å lage dataspel. Kort etter at han har sett seg ned for å programmere, finn han ut at dette er tungt arbeid. Han ringer nokre vener for å få hjelp i programmeringa. Slik blir WarioWare, Inc. skipa, der Wario sjølv er president.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

WarioWare, Inc.: Minigame Mania går ut på at spelaren må klara seg i gjennom seriar av særs korte spel, i spelet kalla for «mikrospel», som kjem etter tur. Desse spela kan handle om alt mogleg; frå å pusse tenner til å steikje egg i panne. Ein må klare spela innan ein tidsfrist på rundt fem sekund for å ikkje tape. Spelaren får fire liv i kvar omgang, og mistar eitt av dei for kvart tapte mikrospel. Mistar ein alle fire liva er spelet over, og ein må starte på nytt. Mellom kvar av mikrospela er det ein mellomsekvens. Her kan ein sjå kor mange mikrospel ein har klart og kor mange liv ein har att. Kontrollen i spelet baserer seg i hovudsak på styrekrossen og A-knappen når ein speler mikrospel, men i menyane blir fleire knappar brukte.

Spelet er delt inn i fleire nivå, der kvart nivå femner mikrospel under kategoriar som sport, natur eller sci-fi. Alle nivåa har ein eller to WarioWare-figurar knytte til seg, alle med si eige korte historie. På slutten av nivåa må spelaren klare eit vanskelegare mikrospel (en: Boss Stage), som ofte er lengre og meir krevjande enn dei vanlege mikrospela. Etter å ha klart nivået vil nye nivå bli tilgjengelege, og spelaren kan prøve det greidde nivået om att for å slå eigne rekordar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «WarioWare, Inc.: Mega Microgame$! Review». Nintendo Life. Henta 5. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]