Wario Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wario Land: Super Mario Land 3
Utviklar(ar)Nintendo R&D1
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Hiroji Kiyotake
Takehiko Hosokawa
Produsent(ar)Gunpei Yokoi
Komponist(ar)Ryoji Yoshitomi
Kozue Ishikawa
SerieWario Land
Plattform(er)Game Boy
UtgjevingJP: 21. januar 1994
NA: 13. mars 1994
EU: 13. mai 1994
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttp://www.nintendo.co.jp/n02/dmg/wja/index.html
Del av serien Super Mario Land, Wario Land⠀
Super Mario Land 2 · Wario Land II

Wario Land: Super Mario Land 3 er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Game Boy. Spelet var marknadsført som ein oppfølgjar til Super Mario Land 2 og er det første spelet med Wario som hovudperson. Det vart utgjeve i Japan i januar 1994, i Nord-Amerika i mars 1994 og i Europa mai 1994. I 2012 vart spelet gjeve ut på nytt til Nintendo 3DS gjennom Virtual Console.[1]

I Wario Land kontrollerer spelaren Wario, som søkjer etter eit eige slott etter å ha vorte kasta ut av slottet til Mario i det førre spelet. For å finansiere draumen drar han til Kitchen Island, der ei gruppe av piratar har gøymt skattar og myntar, inkludert ein gullstatue av prinsesse Peach. Wario Land har markant annleis spelemekanikkar enn dei to førre spela i Super Mario Land-serien. Spelet følgjer ei rute gjennom ulikt tematiserte område, delt inn i mindre nivå og som kulminerer i ein sjefskamp.

Wario kan hoppe på eller skubbe fiendar for å velte dei. Dermed kan dei plukkast opp og kastast på andre fiendar. Wario kan vidare utruste seg med ulike hjelmar for å få nye ferdigheiter, som auka styrke, eller for å kunne flyge horisontalt. Når Wario blir råka av ein fiende, vil han miste ein hjelm eller krympe. Han kan vekse seg stor att med å samle kvitlauk, hjelmar eller fullføre nivået. Blir han råka på nytt etter å ha krympa, vil han miste eit liv og alle myntane som er samla på nivået.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wario Land: Super Mario Land 3 Review». Nintendo Life. Henta 3. juni 2018. 
  2. «Wario Land: Super Mario Land 3 Retro Review». IGN. Henta 3. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]