Wario Land: The Shake Dimension

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wario Land: The Shake Dimension
Utviklar(ar)Good Feel
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Etsunobu Ebisu
SerieWario Land
Plattform(er)Wii
UtgjevingJP: 24. juli 2008
NA: 22. september 2008
AUS: 25. september 2008
EU: 26. september 2008
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI: 7+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: PG
Medium1 Optisk Wii-plate
Del av serien Wario Land⠀
Wario Land 4 ·

Wario Land: The Shake Dimension (ワリオランド シェイク), kjent i Nord-Amerika som Wario Land: Shake It!, er eit plattformspel utvikla av Good Feel og utgjeve av Nintendo for Wii. Det vart gjeve ut i Japan juli 2008 og i Nord-Amerika, Europa og Australia september same året. Spelet er det sjette i Wario Land-serien.

Handling[endre | endre wikiteksten]

På innsida av ein gamal globus som er stilt ut på eit museum er det ei anna verd (en: Shake Dimension). Freda i denne verda er truga av ein pirat med viking-trekk (en:Shake King), og dronning Meralda og folket hennar blir tekne til fange av han. Piraten gjer så krav på ein legendarisk pose, den «botnlause pengeposen», som det kjem pengar ut av om ein skakar han. Ein kvinneleg pirat observerer problema i denne verda på utsida av globusen. Ho vil ha tak i den legendariske posen og stel globusen frå museet. Globusen sender ho til Wario, for å sjølv unngå å gjera noko arbeid med å få tak i posen. Ein medlem av det undertrykte folket kjem etterpå ut av globusen i håp om å få hjelp, og Wario gjer seg klar til å fara inn i globusen på jakt etter skattar.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Wario Land: The Shake Dimension er eit plattformspel som har fellestrekk med Wario Land 4, der Wario kan hoppa, slå til fiendar med skulderen og planta rauva hardt i bakken. Nytt i spelet er eit kraftig neveslag som Wario kan gjera om spelaren skakar på Wii-fjernkontrollen. Dette slaget kan slå fiendar sanselause eller få fram skjulte område som elles ikkje ville ha vore moglege å nå. Om Wario renner i ein svimmel fiende kan han plukka fienden opp og kasta han. Spelaren kan stilla inn vinkelen på kastet ved å vippa på Wii-fjernkontrollen.

Verda i spelet er delt inn i fem kontinent, der kvar av dei har ei rekkje nivå. I kvart nivå må Wario gjennom eit landskap for å frigjera ein liten fe (en: Merfle). Når han har klart dette må han koma seg tilbake til startområdet innan eit avgrensa tidsrom. Alle nivåa har valfrie oppdrag som spelaren kan klara; som å samla nok pengar eller klara bana utan å mista liv. Klarar ein nok av desse oppdraga vil ein kunne få diverse bonusmaterial, som lydspor frå spelet. På slutten av kvart kontinent ventar ein kjempe som Wario må vinna over. Til slutt må han kjempa mot hovudfienden, Shake King.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]