Hopp til innhald

Ermelandskmasuriske voivodskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Warmia-Masuria)
Ermelandskmasuriske
voivodskap
Flagg
Symbol
Land  Polen
Hovudstad Olsztyn
Areal 24 191 km²
Folketal 1 437 812 (30. juni 2016)[1]
Grunnlagd 1999
Kart
Ermelandskmasuriske voivodskap
53°51′00″N 20°49′00″E / 53.85°N 20.816666666667°E / 53.85; 20.816666666667
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Wikimedia Commons: Warmian-Masurian Voivodeship

Ermelandskmasuriske voivodskap (polsk Województwo warmińsko-mazurskie eller berre Warmińsko-Mazurskie) er eit av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nordaust i Polen og største by og hovudstad er Olsztyn. Voivodskapet har eit areal på 24 191 km². I 2016 hadde voivodskapet 1 437 812 innbyggjarar.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Olsztyn og delar av Suwałki og Elbląg. Provinsen har fått namn etter dei to historiske regionane Ermeland og Masuria (polsk Mazury).

Provinsen grensar til Podlasie-voivodskapet i aust, Masoviske voivodskap i sør, Kujaviskpommerske voivodskap i sørvest, Pommerske voivodskap i vest, Wisłalagunen i nordvest og Kaliningrad oblast (ein russisk ekslave) i nord. Regionen utgjer omtrent den sørlege delen av tidlegare Aust-Preussen (ein del av Tyskland), som vart delt mellom Polen og Sovjetunionen i 1945.

Byar og landsbyar

[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet har 49 byar og landsbyar. Folketala under er offisielle tal frå 2006: [1][daud lenkje]

1. Olsztyn (174 693)
2. Elbląg (127 055)
3. Ełk (56 156)
4. Ostróda (33 419)
5. Iława (32 326)
6. Giżycko (29 667)
7. Kętrzyn (28 000)
8. Szczytno (25 680)
9. Bartoszyce (25 423)
10. Mrągowo (21 772)
11. Działdowo (20 824)
12. Pisz (19 332)
13. Braniewo (17 875)
14. Lidzbark Warmiński (16 390)
15. Olecko (16 169)
16. Nidzica (14 761)
17. Morąg (14 497)
18. Gołdap (13 641)
19. Pasłęk (12 179)
20. Węgorzewo (11 638)
21. Nowe Miasto Lubawskie (11 036)
22. Dobre Miasto (10 489)
23. Biskupiec (10 348)
24. Orneta (9 380)
25. Lubawa (9 328)

26. Lidzbark (8 261)
27. Olsztynek (7 591)
28. Barczewo (7 401)
29. Orzysz (5 804)
30. Susz (5 610)
31. Reszel (5 098)
32. Ruciane-Nida (4 894)
33. Korsze (4 632)
34. Górowo Iławeckie (4 554)
35. Biała Piska (4 006)
36. Mikołajki (3 848)
37. Jeziorany (3 376)
38. Ryn (3 006)
39. Pieniężno (2 915)
40. Tolkmicko (2 731)
41. Miłakowo (2 665)
42. Pasym (2 550)
43. Frombork (2 529)
44. Bisztynek (2 493)
45. Miłomłyn (2 305)
46. Kisielice (2 208)
47. Zalewo (2 152)
48. Sępopol (2 015)
49. Młynary (1 837)

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Ermelandskmasuriske voivodskap er delt inn i 21 fylke (powiat), der to er byfylke og 19 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 116 kommunar (gmina).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ermelandskmasuriske voivodskap