Warner Bros. Studios, Leavesden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Warner Bros. Studios, Leavesden er eit britisk filmstudio i Hertfordshire. Det held til i Rolls Royce' gamle fabrikk på Leavesden Aerodrome, rett utanfor Watford.

Studioet er eit av dei få i landet som kan handtere store produksjonar. Den fyrste filmen som blei spelt inn der var James Bond-filmen GoldenEye. Den vanlege innspelingsstaden til serien, Pinewood Studios, hadde blitt booka til andre prosjekt, og fabrikken blei tømt og bygd om til filmstudio. Prosessen er vist i ekstramaterialet på 2006-utgåva av DVD-versjon av GoldenEye. Filmane om Harry Potter har også blitt spelt inn der.

Studio Tour[endre | endre wikiteksten]

Studio Tour'en under bygging.
Inngangen.
Filmsett av The Great Hall, Galtvort høyere

31. mars 2012 blei Warner Bros. Studio Tour London – The Making of Harry Potter opna. Det var ei stor opning, med mellom anna skodespelarane frå Harry Potter-filmserien; Rupert Grint, Tom Felton, Bonnie Wright, Evanna Lynch, Warwick Davis, David Thewlis, Helen McCrory, George Harris, Nick Moran, Natalia Tena, David Bradley, Alfie Enoch, Harry Melling, David Heyman, David Barron, David Yates, Alfonso Cuaron and Mike Newell. Turen inkluderer sett der innspelinga av filmane har skjedd, rekvisittar og kostyme, m.a.: Storsalen, Humlesnurrs kontor med Gudrik Griffings sverda og valhatten, Diagonalmeningen, Magidepartementet, Griffings opphaldsrom og sovesalen til gutane, Gygrids hytte, Bukknebb, og Sirius sin motorsykkel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]