Warrgamay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Warrgamay
Klassifisering: Australsk
 Pama-nyungansk
  Dyirbalisk
   Warrgamay
Bruk
Tala i: Queensland i Australia
Warrgamaytalande i alt: 3 (1981)
Skriftsystem: Ingen
Språkkodar
ISO 639-1: Ingen
ISO 639-2: Aus
ISO 639-3: wgy

Warrgamay er eit sterkt truga eller utdøydd australsk språk som høyrer til dei pama-nyunganske språka og er nært i slekt med dyirbal. I 1981 hadde det berre 3 registrerte talarar, det same talet blei oppgjeve av SIL i 2011.[1] Likevel finst det døme på forsøk på vidareføring av språket, som ved å laga warrgamay-barnebøker.[2]

Utbreiingsområdet til warrgamay er nord i Queensland, særleg i Cardwell-området, langs kysten sør for Hinchinbrook-øya og langs breidden av Herbert-elva.[1][3]

Språkdøme[endre | endre wikiteksten]

Desse døma på namn på ulike kroppsdelar er henta frå Queensland Memory State Library of Queensland.[3]

Ord Norsk tyding
mugal hovud
gayga auge
ngayilnggarra munn
bina øyrer
gambara kropp
yulgu mage
murray hår
djarrawaga bein (føter)
bigaɲ fot

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.