Warsop Petrol Drill & Tools Ltd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Warsop Petrol Drill & Tools Ltd var eit engelsk føretak som produserte fjellboremaskinar.[1] Dei fyrste boremaskinane til førtaket vart produserte rundt 1870, og var dampdrivne[1]. Den fyrste maskina med bensinmotor vart produsert i 1903. I 1928 tok dei til å nytta totaktsmotorar i bormaskinane sine. Desse boremaskinane var einmannsmaskinar og dei vart produserte til litt innpå 1960-talet. Warsop var eit familiefirma fram til 1960. I 1961 gjekk det, saman med felire føretak, inn i Fram Group, som vart stifta det året. Det restrukturerte føretaket tok til å produsera platevibratorar, pumper, etc. Fram Group vart kjøpt opp og restane av Warsop og dei andre førtaka i gruppa vart etter kvart fragmenterte og kvarv or soga.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Whiting, D., The history of Warsop and its machines Arkivert 2015-06-08 ved Wayback Machine., mars 2005.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.