Washington, D.C.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Washington, D.C)
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om hovudstaden i USA. For artikkelen om delstaten, sjå Washington.
Dei vidkjende bygga i Washington, DC

Washington, D.C. er hovudstaden i USA. Nemninga består eigentleg av to delar: Washington (ein by) og District of Columbia (eit føderalt distrikt). Distriktet vert styrt av den amerikanske Kongressen, som har delegert ein del makt til byen sine myndigheiter.

Washington er oppkalla etter den fyrste presidenten i USA, George Washington. Byen vart offisielt hovudstad i 1800.

Washington sine innbyggjarar kan stemme ved presidentval, jamfør det 23. grunnlovstillegget, men er berre representerte i Kongressen av ein delegat utan stemmerett i Representantane sitt hus. Dei har ikkje representasjon i Senatet.

Byen sine lokale myndigheiter består av ein vald borgarmeister og eit bystyre. Lokale avgjersler vert likevel ikkje så sjeldsynt tilsidesette av den føderale kongressen.

Innbyggjarane betalar alle føderale skattar (som inntektsskatt), så vel som lokale skattar. Borgarmeisteren og bystyret vedtar eit lokalt budsjett som Kongressen har høve til å endre. Fordi store delar av byen sine verdifulle eigedomar er føderal eigedom, og dermed unnateke frå lokal eigedomsskatt, er byen ofte pengelens.

Washington har 572 059 innbyggjarar (2000). Byen inneheld nokre av USA sine mest berømte bygg, slik som Det kvite huset og Kongressbygningen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Delstatar i USA USA sitt flagg
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Vest-Virginia | Virginia | Washington | Wisconsin | Wyoming
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C.