Washington, D.C.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Washington DC)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om hovudstaden i USA. For artikkelen om delstaten, sjå Washington.
Washington, D.C.
by
Aerial of the U.S. Capitol under restoration 04879v.jpg

Washington
38°53′42″ N 77°2′12″ W
Wikimedia Commons: Washington, D.C.

Washington, D.C. er hovudstaden i USA. Nemninga består eigentleg av to delar: Washington (ein by) og District of Columbia (eit føderalt distrikt). Distriktet vert styrt av den amerikanske Kongressen, som har delegert ein del makt til styresmaktene i byen.

Washington er oppkalla etter den fyrste presidenten i USA, George Washington. Byen vart offisielt hovudstad i 1800.

Washington sine innbyggjarar kan stemme ved presidentval, jamfør det 23. grunnlovstillegget, men er berre representerte i Kongressen av ein delegat utan stemmerett i Representantane sitt hus. Dei har ikkje representasjon i Senatet.

Byen sine lokale myndigheiter består av ein vald borgarmeister og eit bystyre. Lokale avgjersler vert likevel ikkje så sjeldsynt tilsidesette av den føderale kongressen.

Washington har 572 059 innbyggjarar (2000). Byen inneheld nokre av USA sine mest berømte bygg, slik som Det kvite huset og Kongressbygningen.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje estimat frå Bureau of the Census hadde Washington D.C. per 1. juli 2013 ein folkesetnad på 646 449, ein auke på 7,4 prosent sidan folketeljinga i 2010.[1] Auken er ein del av ein kontinuerleg veksttrend for distriktet sidan 2000, etter eit halvt hundreår med nedgang i folketalet.[2] Byen var den med 24. høgaste innbyggjartal i USA i 2010.[3] Ifølgje data frå 2010 auka talet på personar innanfor grensene av distriktet til over ein million personar på dagtid som følgje av pendlarar frå forstadene.[4]

Folkesetnaden består av 57,7 % afroamerikanarar, 37,4 % kvite, 3,0 % asiatar og fleire minoritetar (2005). Distriktet var tidlegare kjent som drapshovudstaden i USA, med 482 drap i 1991. Tala på drap og valdsepisodar har seinare gått kraftig tilbake.

Nokre av dei viktigaste bydelane er Adams Morgan, Anacostia, Barry Farm, Capitol Hill, Chevy Chase Chinatown, Foggy Bottom, Fort Totten og Georgetown.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

District of Columbia har nokre av dei best kjende bygga i USA, som Det kvite huset og Kongressbygningen. Det finst fleire kjente monument her, som det 169 meter høge Washington-monumentet og minnesmerke over blant anna Abraham Lincoln, Thomas Jefferson, Franklin D. Roosevelt og Albert Einstein. DC har også museum som Smithsonian American Art Museum. Distriktet er sete for ei rekke internasjonale organisasjonar, som Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og Organisasjonen av amerikanske statar.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Washington Football Team, tidlegare Washington Redskins, er namnet på det lokale amerikansk fotball-laget som spelar i NFL.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Annual Estimates of the Resident Population for the United States, Regions, States, and Puerto Rico: April 1, 2010 to July 1, 2013» (CSV), 2013 Population Estimates, United States Census Bureau, desember 2013. Besøkt 14. mars 2014 (en)
  2. «D.C. population soars past 600,000 for first time in years», av Carol Morello og Dan Keating, washingtonpost.com, 22. desember 2010. Besøkt 14. mars 2014 (en)
  3. «2010 Census Population and Housing Tables (CPH-Ts)», United States Census Bureau, 27. september 2011. Besøkt 14. mars 2014 (en)
  4. «D.C.'s Population Grows 79 Percent Every Workday, Outpacing Other Cities», av Martin Austermuhle, WAMU, 31. mai 2013. Besøkt 14. mars 2014 (en)
  5. Droppet «Redskins». vg.no. Vitja 24. juli 2020
  6. Washington Redskins endrer navn. vg.no. Vitja 13. juli 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]