Washington i Tyne and Wear

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byen i England. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Washington (fleirtyding).

Washington

Washington frå Penshaw Monument
Washington frå Penshaw Monument
Plassering
Washington i Tyne and Wear is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Tyne and Wear
Distrikt City of Sunderland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

53 371
Koordinatar 54°55′″N 1°31′″WKoordinatar: 54°55′″N 1°31′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer NE37, NE38
Telefon-retningsnummer 0191
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Washington i Tyne and Wear

Washington er ein by i grevskapet Tyne and Wear i det nordaustlege England. Han blir administrert som ein del av City of Sunderland, og ligg omkring 16 km frå sentrum av Sunderland og omkring same avstand frå Newcastle-upon-Tyne. Byen har kring 55 000 innbyggjarar.

Washington fekk bystatus (town) i 1964, og ekspanderte då kraftig. Mange av innbyggjarane er pendlarar til omkringliggande byar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem frå den lokale angelsaksiske høvdingen Hwaes, viss familie, Inga, hadde ein eigedom, tun, her - derav Hwaesingatun. Ein meiner at det gamle rådhuset vart bygd av William de Hertburn, som flytta til området i 1183. Han tok namn etter staden, og kalla seg difor ofte for William de Wessyngton. I 1539 flytta slekta til Northamptonshire, og dokument frå den tida viser at stavemåten då hadde vorte forvanska til Washtington. Det var frå denne slekta at forfedrane til George Washington emigrerte til Amerika i 1659, ironisk nok fordi dei hadde rojalistiske sympatiar.

Det noverande rådhuset er frå byrjinga av 1600-talet, bygt i sandstein. Berre fundamenta og nokre bogar er igjen av det gamle.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringane i Washington er produksjon av tekstil, elektronikk, bilar, kjemikaliar og elektriske apparat. Nissan sin bilfrabrikk er den største private arbeidsgjevaren.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Eit naturreservat og eit kolgruvemuseum ligg inne i byen, og Beamish utandørsmuseum ligg rett utanfor. På den nedlagde RAF Usworth-basen ligg Nord-Englands flymuseum side om side med Nissanfabrikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]