Wasim Zahid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wasim Zahid

Fødd20. juni 1975
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkelege, forfattar, youtubar, lokalpolitikar

Wasim Zahid (fødd 20. juni 1975 i Oslo) er ein norsk lege som er spesialist i indremedisin og kardiologi. Zahid har ph.d.-grad i same fagfelt. Han er skribent, foredragshaldar og forfattar, og har særleg skrive om helse og integrasjon.[1][2] Han fekk nok stemmar i kommunevalet 2019 til å rykka frå opp 43. til 8. plass. Med dette vart han nummer åtte i kommunestyret til Bærum Arbeidarparti.[3][4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Wasim Zahid har norsk-pakistansk bakgrunn der foreldra innvandra til Noreg frå Pakistan.[5]

Zahid studerte medisin ved Universitetet i Oslo. Zahid gjennomførte spesialiseringa si innan generell indremedisin og kardiologi frå Drammen sjukehus, (2005 – 2010) og Oslo universitetssjukehus, Rikshospitalet (2010-2016).[2] I oktober 2016 fullførte han doktorgrada si om bruk av ultralyd ved hjartesjukdom.[6] Han er overlege og kardiolog på hjarteavdelinga på Drammen sjukehus. Han har vore nestleiar i tankesmia Minotenk, og medlem av Forum for sosial- og helsetenester ved migrasjon (SOHEMI)[7] Det rådgivande organet til helsedirektoratet innanfor minoritetshelse.[8] Han er styremedlem i Amnesty International Noreg.

Forfattarskap og media[endre | endre wikiteksten]

Zahid er aktiv på Twitter og har vorte omtalt som «Twitter-legen».[2][2][9] Han har gitt ut boka På liv og død : en leges bekjennelser, som gjennom ulike pasienthistorier beskriv korleis det er å vera lege i det norske helsevesenet. I 2016 gav han ut livsstilsboka Hemmeligheten : slik lever du godt - lenge. I 2018 gav han ut boka Hjerte for hjerte[10]. Zahid har vore spaltist i VG Helg og med i LHL sit ekspertpanel.[11] Han er ikkje-truande og har uttalt seg offentleg om å forlata islam.[12][13]

Wasim er fast deltager i TV-serien Hva feiler det deg?NRK.[14] Han vann sesong 1 av kvissprogrammet Alle mot alleTVNorge saman med Astrid Nylander-Almaas i 2020[15]

Han har òg ein YouTube-kanal som pr. september 2021 har 68 000 abonnement. På kanalen delar han tankar og opplevingar og driv folkeopplysning.[16]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Twitterlegen Wasim Zahid har tatt med seg mye fra oppveksten. Bare ikke troen på en gud.». Henta 3. mai 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 L Homlong: (september 2012). «Klart hode, bankende hjerte». Tidskrift for Den norske legeforening. 132:2018-20 (Nr. 17 – 18.). Henta 18. mai 2013. 
  3. «Bærum Kommunestyret | Politikk |» (på norsk). Henta 11. oktober 2021. 
  4. Norum, Marie Lytomt (13. oktober 2019). ««Twitter-lege» klar for kommunestyret» (på norsk). Henta 11. oktober 2021. [daud lenkje]
  5. Sviggum, Silje Kathrine (20. desember 2016). «Mamma’n til Twitter-legen Wasim Zahid: - Jeg ville heller oppdra barna her enn i Pakistan» (på norsk). Henta 2. mars 2019. 
  6. «Disputas: Wasim Zahid - Kardiologi - Institutt for klinisk medisin», www.med.uio.no (på norsk), henta 30. oktober 2021 
  7. «SOHEMI - Helsedirektoratet.no», web.archive.org, 15. juli 2014, arkivert frå originalen 15. juli 2014, henta 29. oktober 2021 
  8. Omtale hos Minotenk.no. Besøkt 18. mai 2013
  9. sykepleien.no - Klart vi kan snakke om jobb på sosiale medier Arkivert kopiWayback Machine. av Ann-Kristin Bloch Helmers 4.10.2012
  10. Forlag, Gyldendal Norsk. «Hjerte for hjertet | Gyldendal» (på norsk). Henta 11. september 2018. [daud lenkje]
  11. «Spør våre eksperter om hjertesykdom» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 5. juni 2016. Henta 3. mai 2016. 
  12. vl.no I ukjent farvann Arkivert 2016-03-07 ved Wayback Machine. intervju med Zahid i Vårt land skrevet av Christian Nicolai Bjørke 05.03.2016
  13. «NRK TV - Se Lindmo». Henta 3. mai 2016. 
  14. «NRK TV - Se Hva feiler det deg?». Henta 3. mai 2016. 
  15. «TV-anmeldelse «Alle mot Alle»: Hjernetrim for litt eldre» (på norsk bokmål). Henta 21. juni 2021. 
  16. «Dr Wasim Zahid - YouTube». Henta 24. september 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]