Waterfall av Sopho Gelovani og Nodiko Tatishvili

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Waterfall»
ESC2013 - Georgia 05.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Georgia
Artist(ar) Sopho Gelovani og Nodiko Tatishvili
Språk Engelsk
Komponist(ar) Thomas G:son og Erik Bernholm
Låtskrivar(ar) Thomas G:son
Resultat
Georgia i Eurovision Song Contest
«I'm a Joker»
(2012)
«Waterfall»

«Waterfall» (engelsk for Foss) er det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Sopho Gelovani og Nodiko Tatishvili. Songen er skriven av Thomas G:son og Erik Bernholm.

Thomas G:son vart vald ut av Sakartvelos sazogadoebrivi mauts'q'ebeli (SSM) til å skrive det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013. Songen «Waterfall» vart presentert på fjernsynsprogrammet Our Morning og vil verte framført av Sopho Gelovani og Nodiko Tatishvili. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifiserte til finalen måtte kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Georgia vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Songen starta som nummer 15, etter Albania med «Identitet» av Adrian Lulgjuraj og Bledar Sejko og før Sveits med «You and Me» av Takasa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Georgiske songar i Eurovision Song Contest