Wayuu-folk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartskisse som viser leveområdet til wayuu, i Colombia og Venezuela

Wayuu-folk, òg nemnt guajiro, wayu, wayúu eller wahiro, er ei etnisk gruppe av amerikanske urfolk som lever delvis nomadisk[1]Guajira-halvøya i nordaustlegaste delen av Colombia og i nordveste Venezuela. Språket wayuu er ein del av språkfamilien maipuran (arawak).

Den tørre Guajira-halvøya ligg langs Venezuela-Colombia-grensa, ut mot Karibhavet. To elver representerer dei viktigaste vasskjeldene: Rancheria i Colombia og El Limón i Venezuela.

Ung wayuu-jente i tradisjonelle klede.
Jente og gut frå wayuu-folket som dansar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje ei folketeljing frå 2005 i Colombia, var folkesetnaden av wayuuar 270 413 - som representerer 19,4 % av Colombias totale folkesetnad av urfolk.[2] Wayuu lever over eit totalt areal på 10 800 kvadratkilometer innanfor omtrent ti reservat.

I Venezuela er wayuu-folkesetnaden anslått til 254 225, ifølgje 2011-folketeljinga.[3] Dette gjer wayuu til den største urfolkgruppa i Venezuela, og representerer 57,3 % av talet av urfolk.

Wayuu-fellesskapa er ikkje jamt fordelte innanfor desse områda, då folkesetnaden deira er konsentrert hovudsakleg i utkanten av busetjingar som Nazareth og Jala'ala, og innanfor kommunane Uribia, Maicao og Manaure, der tettleiken er noko av det høgaste på halvøya. Denne uregelmessige fordelinga er nært knytt til sesongmessige endringar i vêret - i den tørre sesongen går ein monaleg del av folkesetnaden i Colombia over grensa til Venezuela for å arbeide i byen Maracaibo og dei nærliggande busetjingar. Når regntida byrjar, har desse folkesetnadene ein tendens til å gå tilbake til heimane sine på den colombianske sida.[treng kjelde]

Wayuu-folket refererer til seg sjølve som 'wayuu', «person». Dei brukar omgrepet 'kusina' for å vise til andre etniske urfolkgrupper. Omgrepet 'arijuna', som i hovudsak tyder ein mogleg fiende eller ein som erobrar eller ikkje respekterer, blir brukt for å vise til folk utanfrå eller personar av europeiske forfedrar.[4]

Språket wayuu, òg kalla wayuunaiki, er ein del av arawakspråkfamilien som har vore dominerande i ulike delar av Karibia. Det er små dialektskilnader mellom dei nordlege, sentrale eller sørlege regionane av La Guajira. Dei fleste av den yngre generasjonen snakkar spansk flytande, men forstår verde av å verne dei tradisjonelle språka sine.

Historia til wayuu-folket i tida etter spansk erobring er nært knytt til historia til regionane La Guajira-departementet i Colombia, og den venezuelanske Zulia-staten. Om førkolumbisk tid finst det lite sikker kunnskap, det har vore alminneleg trudd at wayuu har eit tidlegare opphav frå eit fjernt og vassrikt område, mellom anna basert på mytar, lingvistiske og arkeologiske indisium.[5]

Spelefilmen Pájaros de verano (Birds of Passage, 2018) har ei setting blant wayuu-folk Guajira-halvøya på 1970-talet. Filmen utforskar forstyrringa av tradisjonell klanskultur etter at medlemmar av folket går inn i narkotikahandel, og blir endra av stor rikdom og valdshandlingar. Mange menneske frå wayuu-folket er med i filmen, som først og fremst er på språket wayuu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansar
  1. Maida, K, 2018, s 23
  2. WAYÚU Gente de arena, sol y viento. Kulturministerium Kolumbien, Zensus 2005, henta 6. april 2019
  3. Primeros Resultados Censo Nacional 2011: Población Indígena de Venezuela. Nationales Institut für Statistik, Januar 2013, henta 6. april 2019
  4. Caracterizaciones de los pueblos indígenas de Colombia, WAYÚU Gente de arena, sol y viento Kulturdepartementet i Colombia, henta 6. april 2019
  5. Botero, E. F., 2013 s. 38

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]