Hopp til innhald

We Didn't Start the Fire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
We Didn't Start the Fire
Singel av Billy Joel
frå albumet Storm Front
B-side

«House of Blue Light»

Språk engelsk
Utgjeve 27. september 1989
Innspelt Juli 1989
Sjanger Rock
Lengd 4:49, 4:29 (singel)
Selskap Columbia
Komponist Billy Joel
Tekstforfattar Billy Joel
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Mick Jones, Billy Joel
Billy Joel-kronologi 
«Baby Grand»
(1987)
We Didn't Start the Fire «Leningrad»
(1990)


«We Didn't Start the Fire» er ein song av Billy Joel frå albumet Storm Front i 1989. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde toppen av singellista i USA. Teksten består av korte allusjonar til meir enn 100 kjende hendingar mellom januar 1949 (fødeåret til Joel) og 1989.

Billy Joel opptrer i 1994.

Joel fekk ideen til songen då han akkurat hadde runda 40 år. Han var i platestudio og møtte venen Sean Lennon, som nettopp hadde blitt 21 og sa «Det er ei frykteleg tid å bli 21 på!» Joel svarte «Ja, eg hugsar då eg var 21 – eg tenkte det var ei frykteleg tid og me hadde Vietnam, narkotikaproblem og borgarrettsproblem og alt verka fælt.» Lennon svarte «Ja, ja, ja, men det var annleis for deg. Du var eit barn av 50-åra og alle veit at ingenting skjedde i 50-åra.» Joel svarte, «Vent no litt, har du ikkje høyrt om Koreakrigen eller Suezkrisa?» Joel sa seinare at desse overskriftene danna grunnlaget for songen.[1][2]

Joel har sagt: «Eg er galen etter historie. Eg sluker bøker. Ein gong ønskte eg å bli historielærar». I følgje mora var han ein bokorm frå han var sju år gammal.[3] I motsetnad til dei fleste av Joel sine songar, vart teksten skriven før melodien. Dette er opphavet til den noko uvanlege stilen til songen. Songen vart ein enorm salssuksess og den tredje singelen hans som nådde toppen av Billboard-lista. Han vart nominert til Grammyprisen for årets innspeling.[4]

«

Eg hadde runda 40. Det var 1989 og eg sa «Ok, kva har skjedd i livet mitt?» Eg skreiv ned året 1949. Ok, Harry Truman var president. Popsongaren på den tida var Doris Day. Kina vart kommunistisk. Ein annan popsongar var Johnnie Ray. Stort Broadway-show, South Pacific. Journalist, Walter Winchell. Idrettsperson, Joe DiMaggio. Så gjekk eg til 1950 [...]. Det er ein av dei verste melodiane eg har skrive nokon gong, men eg likte teksten.[5]

»

Joel har blanda kjensler for songen. «Han er eit mareritt å spele live, for om eg bommar på eitt ord, så sporar det av».[6] Han har òg kalla han ein «novelty song» som ikkje «eigentleg definerer meg så godt som songane på albumet, som truleg ikkje blir spelt».[7]

Blender rangerte «We Didn't Start the Fire» på 41. plass på lista si over dei 50 verste songane nokon gong, ei liste som òg inneheld songar av Paul McCartney og Simon & Garfunkel. Dei rekna produksjonen for bombastisk og sa at songen «minnar om ein tentamensstil skriven kvelden før han måtte leverast inn.»[8]

Folk og hendingar nemnde i songen

[endre | endre wikiteksten]

Følgjande namn og hendingar, med tekst sungen av Joel i utheva skrift, er lista opp i rekkjefølgja dei har i songen, som er neste heilt kronologisk.[9]

1940-talet

[endre | endre wikiteksten]
Harry Truman held innsetjingstalen sin som president.

1950-talet

[endre | endre wikiteksten]
Marilyn Monroe i Asphalt Jungle.
Rocky Marciano i 1953.
Bill Haley på 1950-talet.
Frå Broadway-framsyninga av Peter Pan.
Soldatar eskorterer afroamerikanske elevar til skulen i Little Rock.
Fidel Castro kjem inn i Havana.
  • Buddy Holly døydde i ei flyulukke i lag med Ritchie Valens og The Big Bopper. Joel innleier linja med den kjende Holly-vokalsignaturen: «Uh-huh, uh-huh.»
  • Ben-Hur med Charlton Heston i hovudrolla vann elleve oscarprisar, blant anna beste film.
  • Space Monkey: Ein rhesusape og ein dødninghovudape blei dei fyrste to dyra sende opp til rommet av NASA og overleva.
  • Mafia-leiarar blei funne skuldige i Apalachin-møte-rettssaka, som slo fast av det var ein nasjonal konspirasjon.
  • Hula hoops eller rockeringar oppnådde salstal på 100 millionar på berre to år som den siste leikedilla.
  • Fidel Castro tok makta på Cuba.
  • Edsel is a no-go: Produksjonen av dette mykje reklameomtalte bilmerket enda etter berre tre år på grunn av dårlege salstal.

1960-talet

[endre | endre wikiteksten]
Adolf Eichmann får dødsdom i rettssaka si.
  • Richard Nixon back again: Etter å ha tapt for Kennedy i 1960, blei Nixon vald til president i USA i 1968.
Buzz Aldrin på månen.

1970-talet

[endre | endre wikiteksten]

1972–1975

[endre | endre wikiteksten]

1976–1977

[endre | endre wikiteksten]

1980-talet

[endre | endre wikiteksten]

1981–1982

[endre | endre wikiteksten]
Sally Ride under STS-7-ferda.
  • Heavy metal suicide: Ein 19-år gammal mann utførte sjølvmord etter å ha høyrt på «Suicide Solution». Familien hans gjekk til søksmål mot songaren Ozzy Osbourne.
  • Foreign debts: Handels- og budsjettunderskot førte til at fleire land ikkje klarte å betena statsgjelda si.
  • Homeless vets: Mange veteranar frå Vietnamkrigen, inkluder mange som var blitt uføre i teneste, var blitt heimlause og fattige.
  • AIDS: Immunsviktsjukdommen forårsaka av HIV stod fram som ein pandemi.
  • Crack blei ei vanleg form for kokain som særleg var knytt til fattige indre bydelar.
  • Bernie Goetz skaut og skadde fire unge svarte menn som prøvde å rana han på tunnelbanen i New York by. Han blei frikjend for drapsforsøk.

1987–1988

[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideo

[endre | endre wikiteksten]

Ein musikkvideo for singelen vart regissert av Chris Blum,[13] og syner eit mellomklasse-ektepar som har den amerikanske draumen som mål med ein heim, karrierar og barn. Dette syner seg som stadig oppussing av kjøkenet, frå 40-talsstil og kvart tiår opp til 80-åra. Samstundes ser ein symbol på den urolege tida i samfunnet på 1900-talet (t.d. brenning av BH-ar og innkallingsordre til militærteneste). Songaren fungerer som ein usynleg observatør.

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Det er laga mange parodiar på songen som The Simpsons sin «They'll Never Stop the Simpsons»[14] og acappellagruppa The Richter Scale sin «Here Comes Another Bubble.»

Plassering

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1989) Plassering
Australia 2
Austerrike 7
Belgia (Flandern)[15] 6
Canada RPM Top Singles 2
Nederland[16] 11
Tyskland Media Control Charts 4
Irland 3
Japan[17] 11
New Zealand 5
UK Singles Chart 7
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 5
U.S. Billboard Mainstream Rock Tracks 6
  • Denne artikkelen bygger på «We Didn't Start the Fire» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2014.
  • Bordowitz, Hank (2006). Billy Joel: The Life & Times of an Angry Young Man. Billboard Books. s. 272. ISBN 978-0-8230-8248-3.
  1. Rolling Stone magazine - «Billy Joel Starts a Fire» av Sheila Rogers. Henta 1. september 2014.
  2. Billy Joel Q&A: Tell Us About 'We Didn't Start The Fire?' University of Oxford, May 5, 1994 - http://www.youtube.com/watch?v=Dx3T8pbDcms
  3. Bordowitz, s. 168, 161, 9
  4. «32nd Grammy Awards - 1990», rockonthenet.com
  5. DeMain, Bill (2004). In their own words: song writers talk about the creative process. Greenwood Publishing Group. s. 119. ISBN 978-0-275-98402-1.
  6. Newman, Melinda «Joel Sees Pop Exit with Greatest Hits 3», Billboard, 26. juli 1997; sitert i Bordowitz, s. 169.
  7. Nadboy, Arie, «I am the Edu-Tainer», Island Ear, mars 1996; sitert av Bordowitz, s. 169
  8. Aizlewood,John; Collis, Clark; et al. (April 1, 2009). Run for Your Life! It's the 50 Worst Songs Ever! Blender.com. Henta 1. september 2014. Sitert i . Henta 1. september 2014.
  9. Joel, Billy. «Lyrics: We Didn't Start the Fire». Billy Joel. Henta 24. august 2009.
  10. «Billy Joel». 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 28. november 2021. Henta 20. november 2021. 18:50 i podcasten.
  11. «The 30th Academy Awards – 1958». oscars.org. 4. oktober 2014. Henta 6. mars 2017.
  12. «Hit Confuses Younger Fans: Joel». Los Angeles Times. 8. januar 1990.
  13. Garcia, Alex S. Billy Joel - We didn't start the fire Arkivert 2018-10-21 ved Wayback Machine.. MVDBase - Music Video Database.
  14. Seisman, Matt (April 16, 2009). «We Didn't Start the Song Parody». Techland.com. Time.com. Henta 1. september 2014.
  15. http://www.ultratop.be/nl/showitem.asp?interpret=Billy+Joel&titel=We+Didn%27t+Start+The+Fire&cat=s (Henta 29. august 2014)
  16. Jans, Micha (updated April 23, 2009) Dutch Top 40 1989 Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine., MichaJans.nl, Jaarlijsten/1989. Henta April 2, 2010.
  17. Oricon Singles Chart Oricon Singles Chart (Henta 2 November 2012)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]