We Don't Wanna Put In

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«We Don't Wanna Put In»
Singel av Stephane & 3G
frå albumet g
Land Georgia
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Stefane Mgebrishvili og Bibi Kvachadze

«We Don't Wanna Put In» ville vere det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland, framført på engelsk av Stephane & 3G. Songen er skriven av Stefane Mgebrishvili og Bibi Kvachadze.[1][2][3]

Eurovison Song Contest 2009[endre | endre wikiteksten]

«We Don't Wanna Put In»
Eurovision Song Contest 2009
Land Georgia
Artist(ar) Stefane Mgebrishvili, Nini Badurashvili, Tako Gachechiladze og Kristine Imedadze
Alias Stephane & 3G
Språk Engelsk
Komponist(ar) Stefane Mgebrishvili
Låtskrivar(ar) Bibi Kvachadze
Resultat
Semifinalepoeng X
Semifinaleplass X
Finalepoeng X
Finaleplass X
Georgia i Eurovision Song Contest
«We Don't Wanna Put In»

Songen vann den georgiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009, men teksten skapa problem av di han inneheldt politiske referansar til Vladimir Putin, dåverande statsminister i Russland. «Put in» høyrdest ut som Putin.[4] Orda «Put in» vart sungen med ein aksent som uttala orda som «poot een», som òg er slik ein kan uttala namnet Putin.[4] Fleire personar frå det kulturelle og poltiske Russland og Georgia, mellom anna Diana Gurtskaya, som representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2008, og David Gamkrelidze, leiaren av det georgiske politiske partiet Akhali Memarjveneebi, ville at ein skulle skrive om på teksten.[5] Ein talsmann frå den georgiske kringkastaren sa 20. februar 2009 at songen ikkje ville verte endra.[6] 11. mars 2009 trekte Georgia seg frå Eurovision Song Contest 2009.[7]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brey, Marco (18. februar 2009). «Stephane & 3G to represent Georgia in Moscow» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 13. april 2013. 
  2. Marcus, Klier (18. februar 2009). «Georgia: Stephane & 3G to Eurovision» (engelsk). ESCToday. Henta 13. april 2013. 
  3. Fisher, Luke (18. februar 2009). «Stephane & 3G wins Georgian national final; listen to the song» (engelsk). Oikotimes. Henta 13. april 2013. 
  4. 4,0 4,1 «Georgians pull out of Eurovision over 'Put in' jab» (engelsk). International Herald Tribune. 11. mars 2009. Henta 13. april 2013. 
  5. «85% грузин хотят Путина на Евровидении» (russisk). Gazeta. 27. februar 2009. Henta 13. april 2013. 
  6. Lewis, Daniel (19. februar 2009). «Грузинская сторона не будет менять текст "аморальной" песни для "Евровидения"» (russisk). NEWSru. Henta 13. april 2013. 
  7. Georgia pulls out of Eurovision after controversial song is banned. The Daily Telegraph. 12. mars 2009