Wear
Wear | |||
elv | |||
Wear i Durham
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | Durham | ||
Lengd | 96 km | ||
Kjelde | Wearhead | ||
Munning | Nordsjøen ved Sunderland | ||
Wear 54°54′58″N 1°21′28″W / 54.916111111111°N 1.3577777777778°W | |||
Wikimedia Commons: River Wear |
Wear er ei elv i grevskapet Durham i det Nordaust-England. Ho har utspringi Penninane og renn austover, for det meste gjennom County Durham før ho munnar ut i Nordsjøen ved Sunderland. Elva er rundt 96 km lang, og er ei av dei lengste i regionen. Ho har gjeve namn til Weardale i det øvre løpet sitt og Wearside ved munningen, og saman med Tyne har ho gjeve namn til fylket Tyne and Wear.
Wear har utspringet sitt ved Wearhead i Durham, og renn gjennom Weardale forbi Stanhope og Wolsingham. I Bishop Auckland renn ho nedfor Auckland slott, residensen til biskopen av Durham. Ho fortset i ein nordaustleg retning til ho når Durham; der renn ho i ein boge slik at byen blir liggjande nærast på ei halvøy. Ho fortset så forbi Chester-le-Street og Washington, før ho når Sunderland. Tidlegare var det opp mot eit dusin skipsverft langs elva ved Sunderland, men dei aller fleste er nedlagde. Elva renn ut i Nordsjøen i Sunderland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wear» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2011.