Wee Wee Hours
| Wee Wee Hours Singel av Chuck Berry | ||
| A-side | ||
|---|---|---|
| Utgjeve | 1955 | |
| Innspelt | Chicago 21. mai 1955 | |
| Sjanger | Blues | |
| Lengd | 3:02 | |
| Selskap | Chess 1604 | |
| Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
| Produsent | Leonard Chess, Phil Chess | |
| Chuck Berry-kronologi | ||
| Wee Wee Hours | «Thirty Days» (1955)
| |
«Wee Wee Hours» er ein song skriven og framført av Chuck Berry i 1955. Han var opphavleg B-sida til den første singelen hans, «Maybellene», og vart ein hit som nådde tiandeplassen på Billboard R&B-lista.[1]
Songen er ein 12-taktsblues, skildra som ein «langsam, sensuell blues med glimrande pianospel av Johnnie Johnson».[2] «Wee Wee Hours» var på demolydbandet som Berry gav til Leonard Chess i håp om å få platekontrakt med Chess Records.[2] Sjølv om han verka å passe godt inn i lag med lista av blues selskapet gav ut,[3] var Chess meir interessert i songen som vart «Maybellene». Dette vart songen som lanserte Berry som rock and roll-stjerne.
Berry spelte ofte songen live, og eit konsertopptak frå 1969 finst på albumet Chuck Berry Live in Concert og i filmen Hail! Hail! Rock 'n' Roll frå 1987.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wee Wee Hours» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑
Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research. s. 41. ISBN 0-89820-068-7.
{{cite book}}: Cite has empty unknown parameter:|coauthors=(hjelp) - 1 2
Altman, Billy (1988). Chuck Berry – The Chess Box (liner notes). Chess/MCA Records. s. 5. CH3-80,001.
{{cite book}}: Cite has empty unknown parameter:|coauthors=(hjelp) - ↑ «I wanted to play the blues ... But I wasn't blue enough. We always had food on the table.» «Chuck Berry, 'Roll Over Beethoven'». 500 Greatest Songs of All Time. Rolling Stone. 2011. Henta 27. juni 2017.