Wei He

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wei He
Land  Folkerepublikken Kina
Kart
Wei He
34°36′42″N 110°17′20″E / 34.6117°N 110.289°E / 34.6117; 110.289
Kart over Wei He sitt nedslagsfelt
Kart over Wei He sitt nedslagsfelt
Kart over Wei He sitt nedslagsfelt
Wikimedia Commons: Wei River (Yellow River tributary)

Wei He er ei 818 km lang elv i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina. Ho renn frå vest til aust og munnar ut i det midtre løpet av Huang He. Elva er den største sideelva til Huang He. Wei He har eit nedslagsfelt på 135 000 km².

Kjeldene til Wei er i fylket Weiyuan («Weis kjelde») i provinsen Gansu, mindre enn 200 kilometer frå Huang He sine kjelder ved Lanzhou. Wei He renn i søraust- og austleg retning, medan Huang He svingar skarpt nordover og renn i ein stor boge.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Weidalen var ei tidleg kjelde for kinesisk kultur. Her låg hovudstader og kulturelle maktsentera under ei rekke dynasti, som Qin-, Han- og Tang-dynastia. I prefekturet Dingxi heilt øvst i Weidalen er det gjort ei rekke arkeologiske funn etter ulike tidlege steinalderkulturar. Liknande funn har ein gjort mange andre stader i området.

Millionbyen Xi'an er i dag den største byen i Weidalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]