Welch Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Welch Mountains
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 70°57′S 63°30′W
Administrert under Antarktistraktaten

Welch Mountains
70°57′ S 63°30′ W
Welch Mountains is located in Antarktis
Welch Mountains (Antarktis)

Welch Mountains er ei fjellkjede som dominerer området aust på Dyer Plateau i Palmer Land. Den høgaste toppen er 3015 moh og fjella ligg 46 km nord for Mount Jackson. Desse fjella vart truleg sett frå lufta av Ellsworth i 1935 og nordenden av dei vart skissert i 1936 av eit hundesledelag under Rymill under British Graham Land Expedition (BGLE). I 1940 vart dei fotograferte frå lufta og kartlagde frå bakken av U.S. Antarctic Service (USAS), og i ekspedisjonsrapportar og kart vart dei rekna for å vere fjella som Ellsworth kalla Eternity Range. Fjella vart kartlagde i detalj av US Geological Survey (USGS) i 1974. Dei vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kontreadmiralDavid F. Welch, kommandør i U.S. Naval Support Force i Antarktis, 1969-71.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Welch Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).