Welhavens gate 7 i Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Welhavens gate 7 i Moss

Welhavens gate 7 i 2020
Kart
Welhavens gate 7 (Moss)
59°26′01″N 10°40′10″E / 59.433615°N 10.669385°E / 59.433615; 10.669385

Welhavens gate 7 ligg i Moss i Viken fylke. Gata har tidlegare hatt namna Kongensgate, Kongens gade og Radet. Den tidlegare adressa til eigedommen har vore Kongensgate 35 og Radet 130 og 171. Huset vart verna etter PBL 4. januar 2018.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1800 hadde eigedommen adressa Radet 130 og seinare i 1841 var gatenamnet det same, men matrikkelnummeret var endra til 171.[2] Gateadressa blei endra til Kongens gate 35 ein gong mellom 1858 og 1885, ifølge historiske kart.[3]

Welhavens gate 7 dannar saman med Welhavens gate 9 og 15 ei samanhengande husrekkje langs tidlegare Kongens gate. Dei er eit viktig spor langs den opphavlege hovudvegtraséen gjennom Moss. Denne vart endra ved bygging av ny innfartsveg i 1970. Desse tre husa heng naturleg saman med det bevarte bygningsmiljøet i Klostergata og representerer overgangen mellom bygardane i mur i Kongensgate og dei eldre bybustadene i Klostergata. Dette skiljet kom etter bybrannen i 1881. Bygningane er ombygde og detaljar er endra i forhold til opphavleg utsjånad, men dei har likevel halde på mykje av dei gamle trekka sine. Bygningane vert bevarte som ein del av eit heilskapleg bygningsmiljø langs hovudvegtraséen gjennom Moss, Kongeveien.

I 1921 gav bebuarane i Kongens gate 35 løyve til nabohuset, nummer 33, til å setje inn to vindauga mot deira hus.[4]

Bybrann[endre | endre wikiteksten]

Det herja mange bybrannar i Moss på 1800-talet, men den siste store var i 1881. Han starta 16. juli, og det var 39 hus som brann ned. Dei fleste av desse husa var i Kongens gate. Brannen starta i lokala til Moss Bryggeri, og han spreidde seg søraust over opp til Klostergata. Det var etter denne brannen mange av husa i Kongens gate fekk nye husnummer. Huset som opphavleg høyrde til dåverande Kongens gate 35 var blant husa som brann ned. Huset som står der i dag blei derfor bygga etter 1881.[5]

Jernbanen[endre | endre wikiteksten]

I 1873 bestemde Stortinget seg for å bygge heile venstre linje av Østfoldbanen gjennom Moss. Det gjekk berre 6 år frå Stortinget tok denne avgjerda til Smaalens-banen blei tatt i bruk 2. januar 1879. Banen gjekk langs Mossesundet for at han skulle ha direkte samband med fossen, fabrikkane og hamna. Smaalens-banen hadde ei viktig rolle for industrialiseringa i Moss da han gav større kontakt med omverda, men også forsynte byen med pengereservar. Moss blei derfor aktør på større marknader og fekk tilgang på meir ressursar og raskare transport som gav byen ein økonomisk vekst.[6]

Byggestil[endre | endre wikiteksten]

Huset som stod på eigendommen før bybrannen i 1881 var i tre, men byggarbeidar Hans Christian Hansen bygde eit nytt hus i mur etter brannen. På grunn av bybrannane som herja i Moss på 1800-talet blei det innført murhustvang. Huset som står der i dag er eit teglsteinshus i sein empirestil. Empirestilen er ein klassisk prega stil som også gjerne blir kalla keisarstil. I Noreg blei stilen brukt i perioden rundt 1810-1840, og vidareføringa av empirestilen dei neste tiåra kallar ein seinempire.[7] Huset ber derfor preg av tida det blei bygd, og sjølv om det har bitt gjort endringar i fasaden så ser ein framleis karakteristiske trekk frå denne byggestilen.

I 1930 blei huset gjort om til 3-4 leilegheiter pluss ein forretning. I tillegg blei det dette året bygd ein inngang frå bygarden og eit uthus.

Bebuarar[endre | endre wikiteksten]

I 1790 var eigaren av huset skomakar H.I. Berg, og etter han høker Johan Neeb (f. 1784), som tidlegare hadde vore underfut i Kragerø. Frå byrjinga av 1820-åra var det høker Gotfred Hansen Hepperick som eigde garden. Ein høker er ein kjøpmann med avgrensa rettigheitar. Han hadde berre rettigheitar til å selja spesifikke varar, i motsetning til byens borgarskap. Seinare høyrte eigedommen til baker Joh. Svendsen og høker Jens Chr. Olsen Schultz frå 1835. I byrjinga av 1840-åra kjøpte handelsmannen Petter Busch, som tidlegare hadde vore lensmannen i Hobøl og underfut, eigedommen. Eigedommen var i eiget til barna hans fram til enkefru Boslangen i Våler kjøpte han.[8]

Folketeljing 1875[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1875[9] står det at Niclaie Petter Busch (f. 1824) bur på adressa, saman med Emilie (f. 1840) og Jacobine Busch (f. 1842). Niclaie var buntmakar, som er det same som pelsmakar. Mot slutten  av 1800-tallet var pelsindustrien stor. Det blei eit statusplagg, for fyrst og fremst dei rike, så til middelklassen. Emilie var husfrue.

Folketeljing 1900[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1900[10] står det at Olauer Lunde (f. 1859) budde på adressa saman med kona Anna (tidlegare født Andresen) Lunde (f. 1860). Saman hadde dei barna Sara (f. 1886) og Iver (f. 1890). Moren til Anna, Oline Andresen (f. 1825), skal også ha budd på same adresse, og hun skal ha vore forsørgt av Olauer.

Olauer var stasjonsmeister. Yrket til Anna er ikkje kjent, men ein kan tenkje seg at ho var heimeverande som kvinner flest på denne tida. Føresetnaden for Olauers arbeid var altså utbygginga av jernbanen i Moss som kom mot slutten av 1800-tallet.

Mange av dei som har budd på denne adressa har vore relativt velståande. Dei har alle hatt minimum ein i familien som har hatt ein jobb som de har tent ganske godt på.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Welhavens gate 7 i Moss, tidlegare gateadresse var Kongens gate 33.», digitaltmuseum.no, henta 15. september 2020 
  2. «Historiske kart», www.mosshistorielag.no, henta 15. september 2020 
  3. «Historiske kart», www.mosshistorielag.no, henta 15. september 2020 
  4. «Tinglysingsmateriale: SAO, Moss byfogd, G/Ga/Gaf/L0006: Panteregister nr. VI 6, 1921-1921, s. 141-142 - Skanna arkiver - Arkivverket», media.digitalarkivet.no, henta 15. september 2020 
  5. «Bybranner – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 15. september 2020 
  6. «Da jernbanen kom til Moss», www.mosshistorielag.no, henta 15. september 2020 
  7. «Senempirestil [Egersund byhistoriske leksikon]», www.dalanefolkemuseum.no, henta 15. september 2020 
  8. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 15. september 2020 
  9. «001 Niclaie Petter Busch - 0032 Radet - 002 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1875 for 0104B Moss prestegjeld, Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 15. september 2020 
  10. «001 Olauer Johannesen Lunde - 02 - 0037 Kongens Gade 35 - 003 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1900 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 15. september 2020