Welhavens gate 9 i Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Welhavens gate 9 i Moss

Kart
Welhavens gate 9 i Moss
59°26′01″N 10°40′10″E / 59.4334896°N 10.6695163°E / 59.4334896; 10.6695163

Welhavens gate 9 er eit historisk bygg i Moss kommune. Welhavens gate 9 hadde tidlegare gateadressen Kongens gate 37.[1] Huset har gjennom tidene skifta husnummer opptil fleire gonger. Tidlegare gatenamn i Welhavens gate var Raadet, fram til 1882. Etter den store bybrannen i Moss i 1881, som ramma 39 hus, fekk mange av husa nye nummer.[2] Som ein konsekvens av bybrannen fekk Welhavens gate 9 husnummer 37.[3] Mellom 1885 og 1904 vart det reist ein bygning til med nummer 37 i Kongens gate. I 1910 vart huset delt i to leilegheiter; leilegheit 1 og leilegheit 2. Huset vart igjen ombygd i 1980, og fekk vernedato frå 01.04.2018.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Welhavens gate 9 - òg tidlegare kjent som gata til kongen 37 og før dette Raadet 172, vart oppførte før 1790. Det var i denne perioden fram til før 1800 at Thora Nilsen eigde eigedommen. Kjøpmannen Iver Johannes Prydz (1769 Fredrikstad – 1839 Moss) tok så over Raadet 172 etter Thora i 1803, då han vart tilsett hos Andreas Chrystie for å driva forretninger. Iver Prydz budde der med kona si Anne Sofie Birkenbusch og deira sju barn heilt fram til han døydde i 1839. Då tok sonen hans Johannes Prydz (1812-1873) over garden etter faren sin, og budde der med kona si Gunhild Marie Hansen og deira fire barn.

Då Johannes Prydz døydde i 1873, tok sonen hans Ferdinand Prydz (1849-1903) som var sjømann over tomta og stod som eig etter bybrannen 6. juli i 1881.[2] Der budde han saman med kona si Bertha Kathinka Finnemann og deira seks barn. På eigedommen var det no to bygningar i staden for ein. I den nedste bygninga var det leilegheiter, medan i den øverste bygninga hadde Prydz ein kolonial med sal av brennevin.

Welhavens gate 9 i dag[endre | endre wikiteksten]

Trafikkskulen Wright ligg i dag i Welhavens gate 9. Til dags dato er bygginga ganske lik på utsjånad som han var i 1913.

Bebuarar[endre | endre wikiteksten]

Folketeljinga i 1910 viser at huset har vorte delt inn i leilegheit 1 og 2. Leilegheit 1 har i dag gateadresse Welhavens gate 15, medan leilegheit 2 har gateadresse Welhavens gate 9.

Leilegheit 2:

1910[endre | endre wikiteksten]

I leilegheit 2 budde familien Jensen, beståande av vognmann Edvard Christian Jensen og sambuaren hans Ellen Marie Pedersen som var heimeverande. Paret hadde ingen barn. Dei to køyregutane Ragnvald Pedersen og Karl Magnussen budde òg i huset på den tida.[5] I Digitalarkivet er det i tillegg gitt opp at husleien var 250 kr per år, som tilseier at familien leigde bustaden.[6]

1914[endre | endre wikiteksten]

I leilegheit 2 budde no Familien Edstøm, beståande av Nils Hjalmar Edstøm som arbeidde på cellulosefabrikken, gift med Ragnhild Lovise Edstrøm som då var heime med deira fire barn, Asta Marie, Jens Robert, Gunvor Jensine og Rolf Hjalmar.[7]

Welhavens gate 9. Foto: Gustaf Lindman

Byggestil[endre | endre wikiteksten]

Welhavens gate 9 er eit bustadhus i tre lafta med panelkleding.[4] I vikingtida og fram til midten av 1800-talet, var Lafteverk ein type berekonstruksjon som var vanleg å bruka for å bygga trehus i Noreg. Huset var eit alminneleg våningshus, og tomta hadde stall, fjøs, vognskjul og vedbu.[6]

Eit våningshus er eit bustadhus på ein gard, og stammar frå det tyske ordet «wohnen», som betyr å bu. På eit fotografi av huset (Gustaf Lindman, Moss by- og industrimuseum, MBIF.2000.014-017) ser ein at det er fem vindauge føre, som hadde tydeleg markerte vindaugskarmar. Huset er bygd i tre, med ein liten grunnmur under. Bygget er svært likt den dag i dag, med likt talet på vindauge og lik storleik på bygget. Men vi kan likevel sjå endringar i løpet av dei siste åra. Det har forandra seg frå ståande til liggande panel. Fleire dekorative detaljar er borte i dag, taksteinane er skifta ut og pipa er fjerna. I dag er det eit meir modernisert hus, med mykje enklare struktur enn før. Det dekorative er redusert.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. «Welhavens gate 9 i i Moss. Tidligere gateadresse Kongens gate 37.», digitaltmuseum.no, henta 22. september 2020 
  2. 2,0 2,1 «Bybrannen i Moss 1881 – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 22. september 2020 
  3. «FINN kart - en ledende norsk karttjeneste», FINN.no, henta 22. september 2020 
  4. 4,0 4,1 Kulturminnesøk, «Kulturminnesøk», www.kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 22. september 2020 
  5. «001 Edvard Christian Jensen - 02 - 0038 Kongensgate 37 - 002 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1910 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 22. september 2020 
  6. 6,0 6,1 «0038 Kongensgate 37 - 002 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1910 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 22. september 2020 
  7. «001 Nils Hjalmar Edstrøm - 002* - 290* Kongensgade 37 - 001 Moss - Tellingskretsoversikt - Kommunal folketelling 1914 for Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 22. september 2020