Wellingborough

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Wellingborough

Wellingborough ved breidda av Nene
Wellingborough ved breidda av Nene
Plassering
Wellingborough is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Northamptonshire
Distrikt Wellingborough
Grunnlagd 500-talet
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

51 177
Koordinatar 52°18′″N 0°42′″WKoordinatar: 52°18′″N 0°42′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer NN8 NN9
Telefon-retningsnummer 01933
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wellingborough

Wellingborough er ein marknadsby i Northamptonshire i England, omkring 18 km frå Northampton. Han er administrasjonssenter for distriktet Wellingborough.

Byen ligg på nordsida av elva Nene, med den eldste delen i åsen over sletta elva renn over. Han vart grunnlagt på 500-talet og er i Domesday Book (1086) nemnt som Wendelburie. Namnet tyder «Byen til Wendel-folket». I 1201 fekk han marknadsrettar.

Det låg eit mindre kloster der, som var eit anneks til Croyland Abbey omkring 5 mil lenger ned langs elva. Bydelen kor klostret låg heiter no Croyland.

Elizabeth I si tid var sir Christopher Hatton Lord of the Manor i Wellingborough. Han var ein av sponsorane for ekspedisjonane til sir Francis Drake.

Under den engelske borgarkrigen var det berre ein mindre samanstøyt i byen, men dette fekk noko merksemd fordi soknepresten, Thomas Jones, vart teke med til Northampton av parlamentarianarane. Etter borgarkrigen oppstod det ein stor koloni av Diggers der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]