Hopp til innhald

Wells-next-the-Sea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wells-next-the-Sea
by
Land  England
Region Norfolk
Distrikt North Norfolk
Areal 16,31 km²
Folketal 2 165 (2011)[1]
Postnummer NR23
Retningsnummer 0 1328
Kart
Wells-next-the-Sea
52°57′N 0°51′E / 52.95°N 0.85°E / 52.95; 0.85
Wikimedia Commons: Wells-next-the-Sea

Wells-next-the-Sea, lokalt kjent berre som Wells, er ein hamneby og eit verdsleg sokn i Norfolk i England.

Namnet kjem frå dei mange naturlege kjeldene (spring wells) som fanst i området; berre nokre få av desse eksisterer enno. På byrjinga av 1800-talet la ein til next-the-Sea for å skilje byen frå andre stader kalla Wells. Etter at jarnbana kom i 1857 vart det teke i bruk ei kortare form av namnet, Wells-on-Sea, men i 1956 vedtok byrådet å ta tilbake den eldre, lange forma.[2]

Kaia frå dika.
Foto: Chris Wood

Byen ligg berre omkring halvannan kilometer frå Nordsjøen, og mykje av arealet er sjøområde som er fylla att. Det har vore ei travel hamn der i lang tid, og etter at jarnbana kom vart byen òg eit populært feriestad. Det går ein smalspora jarnbane delar av vegen ut til stranda, langs den halvannan kilometer lange vollen som vernar bilen mot kreftene til havet. Det er tett skog heilt ned til stranda. Den gamle hamna ligg no ved ein ferskvassjø kjent som Abrahams Bosom, som blir brukt til vassport.

Austom stranda ligg eit anna strandområde med skog heilt ned til sjøen. Det er mogleg å gå dit ved lågvatn, men dette er særs farleg på grunn av den raske vekslinga mellom høg- og lågvatn i området, og dei understraumane dette medfører.

Wells ligg omkring 24 km austom Hunstanton, 32 km vest for Cromer og 16 km nord for Fakenham. Blant landsbyar i nærleiken finn ein Blakeney, Burnham Market, Burnham Thorpe (fødestaden til Horatio Nelson), Holkham (med herregarden Holkham Hall) og Walsingham (ein viktig pilegrimsstad i mellomalderen).

Det var tidlegare jernbanesamband via to linjer, men begge er nedlagt. Linja mot King's Lynn vart aldri gjenopna etter omfattande skadar under Nordsjøflaumen i 1953, medan linja til Norwich vart lagt ned under nedskjeringane i 1960-åra.

Redningsbåtkatastrofen

[endre | endre wikiteksten]

I 1880 skjedde ein katastrofe utanfor Wells, då elleve av dei tretten i mannskapet på redningsbåten omkom. Dei etterlét seg ti enker og 27 farlause born. Det står eit minnesmerke ved den gamle redningsstasjonen, som no er hamnekontor.

  1. «Key Statistics». Office for National Statistics. Table KS101EW (Usual resident population) and Table KS105EW (Household composition). Henta 23. juni 2025.
  2. Wells-next-the-Sea Online Information. Description of Wells-next-the-Sea.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Wells-next-the-Sea