Wenche Øyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wenche Øyen
Fødd 28. juli 1946
Bærum
Sjanger portrett
Yrke illustratør, kunstmålar

Wenche Øyen (fødd 28. juli 1946 i Bærum) er ein norsk kunstmålar og illustratør.

Wenche Øyen er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1963–1967) og Statens Kunstakademi (1967–1971). Ho har måla både landskapsmotiv og portrett, ofte i ein forenkla, poengtert stil og utført i olje eller akvarell. Ho byrja som illustratør for barnebladet Maurtua i 1975 og har sidan illustrert fleire bøker, mellom anna den prislønte barneboka Ein god dag frå 1979 med tekstar av Einar Økland og den kjente «sorgboka» Farvel, Rune frå 1986 med tekst av Marit Kaldhol. I 1983 vann ho Nynorsk barnelitteraturpris med Olav H. Hauge for boka Regnbogane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]