Wenche Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wenche Andersen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juli 1954 (69 år)
Yrke TV-kokk, kjøkkensjef, kokebokforfatter
Språk norsk
Wenche Andersen på Commons

Wenche Andersen (fødd 10. juli 1954) er ein norsk kokk, kosthaldsøkonom, matjournalist og kokebokforfattar frå Lommedalen i Bærum. Ho er best kjend som fjernsynskokk i innslaget «Wenches kjøkken» på God Morgen NorgeTV2, noko ho har vore sidan 1994. Før det arbeidde ho ein del år som frilansjounalist innanfor matlaging.

Andersen har fagbrev som kokk frå 1976, i tillegg til at ho studerte to år ved Statens skole for kostholdsøkonomer. Ho har vore kjøkkensjef og husmor ved fleire institusjonar, og frå 1980 til 1986 arbeidde ho som fagkonsulent ved Opplysningskontoret for kjøtt. Wenche Andersen var også med på å starte opp firmaet SmåFOLK Barnemat i 1997. Dette firmaet satsa på barnemat basert på norske råvarer og vart i 2001 kjøpt opp av Tine.

Ho har vore forfattar, medforfattar, redaktør og omsetjar av ei rekkje kokebøker, i tillegg til at ho har vore fast bidragsytar i blada Kvinner og Klær, Mat & Drikke og Matlyst. Under fagmessa Buffet i Stavanger i 2003 fekk ho prisen «Årets matformidlar 2002». Og hausten 2006 vart ho utnemnd til nordisk matambassadør i prosjektet Ny Nordisk Mat, som skulle gå over tre år og skape internasjonal merksemd rundt nordisk mat og nordiske mattradisjonar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wenche Andersen Arkivert 2011-05-23 ved Wayback Machine.» på Cappelendamm.no.