Wenche Frogn Sellæg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wenche Frogn Sellæg
Wenche Frogn Sellæg (cropped).jpg
Fødd12. august 1937 (84 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, intremedisinar, skribent, handballspelar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

Wenche Frogn Sellæg (fødd 12. august 1937) i Oslo er ein norsk lege og tidlegare politikar for Høgre. Ho var innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag frå 1985 til 1993. Ho var statsråd og sjef for tre departement:

Wenche Frogn Sellæg var første nestleiar i Høgre i perioden 1988–1990. Ho har hatt ei rekkje andre offentlege og organisatoriske verv.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sellæg blei fødd i Oslo, men har budd det meste av livet i Overhalla og Namsos i Nord-Trøndelag. Ho tok examen artium i 1957, og blei cand.med. frå Universitetet i Oslo i 1963. Ho har Diploma of Tropical Medicine & Hygiene frå University of London frå 1971. Ho har vore spesialist i indremedisin sidan 1971, har teke etterutdanning i gastroenterologi 1977–1980, og er spesialist i geriatri frå 1991. Ho blei bachelor i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen i 2005, og er Mastergradsstudent i kunsthistorie same stad frå 2007.

Sellæg var turnuskandidat i Molde i 1964, distriktslege i Værøy og Røst i 1965, assistentlege ved Ullevål sykehus 1966–1968, reservelege ved Drammen sykehus 1968–1971, og misjonslege i Bhutan i 1972. Ho var tilsett ved Sykehuset Namsos (tidlegare Namdal sykehus) det meste av tida etter, bortsett fåa eit opphald som assistenlege ved Rikshospitalet 1983–1984: Reservelege 1973–1975, assisterande overlege 1975–1983, overlege ved medisinsk avdeling 1993–1999, avdelingsoverlege ved medisinsk avdeling 1999–2000, og seksjonsoverlege 2000–2002. Ho var i 60 % stilling som konsulent i geriatri 2002–2007. Ho har vore ønskt som styreleiar i Helse Nord-Trøndelag, men har ikkje ønskt dette vervet.[1]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Sellæg var formann i Namsos Høgre 1974–1975, og organisatorisk nestformann i Nord-Trøndelag Høgre 1978–1980. Ho var kommunestyremedlem i Overhalla 1979–1983 og 1991–199]. Ho var medlem i Høgre sitt utval for kyrkje og stat 1980–1981, medlem i Høgre sin programkomité 1987–1989, og formann i Høgre sin valkomité 1992–1994. Ho var medlem i Høgre sitt arbeidsutval 1982–1990, der ho var 1. (politisk) nestleiar 1988–1990.

Sellæg var 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag i Stortingsperioden 1981-1985. Ho var fast representant på i periodane 1985-1989 og 1989-1993.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Frogn Sellæg uaktuell». Trønder-Avisa/webavisen.no. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]