Wenche Lowzow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wenche Lowzow
Friele Lowzow.jpg
Wenche Lowzow (til høgre) med partnaren Karen-Christine Friele i 2010.
Fødd 27. mai 1926

Oslo

Død 24. september 2016
Geilo
Parti Høgre
Verv Stortingsrepresentant
 - periode 1977–1985

Wenche Bryn Lowsow (27. mai 192824. september 2016) er ein norsk Høgre-politikar og tidlegare rektor ved Trosterud Skole. Ho har tidlegare vore medlem av Høgres sentralstyre, og i perioden 1977-1985 var ho stortingsrepresentant for Oslo.

Wenche Lowzow tok treårig lærarskuleeksamen frå Hamar (1958) og engelsk mellomfag ved Universitetet i Oslo (1962). Ho arbeidde som lærar ved Lakkegata skole 1958–1969 og som rektor ved Trosterud skole 1969–1977.

Lowzow var medlem av Oslo bystyre 1967–1971 og formannskapet 1971–1975. Ho var vararepresentant på Stortinget i perioden 1969–1977, før ho fekk fast plass og sat to periodar. Ho sat i Justiskomiteen i første periode og i Kirke- og undervisningskomiteen i andre periode på Stortinget.

Lowsow var den fyrste norske stortingsrepresentanten som stod fram som homofil. Dette fann stad på førstesida i Dagbladet i 1979.[1] Ho inngjekk partnarskap med Karen-Christine Friele i 1993.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tore Bergsaker (24. september 2016), «Wenche Lowzow er død», Dagbladet 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]