Wenzong av Tang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wenzong av Tang
TangWenzongAlt.jpg
Keisar av Kina
Regjeringstid826-840
Fullt namn唐文宗李昂, Tang Wenzong
Fødd809
FødestadChang'an
Død840
DødsstadChang'an
FøregangarJingzong
EtterfølgjarWuzong
Gift medConsort Yang, 王德妃 (唐文宗)
DynastiLi
FarMuzong av Tang
MorEmpress Dowager Xiao
BornLi Yong, Li Zongjian, 兴唐公主, 西平公主, Li Shi(Daughter of Li Ang ( Wen Zong Huang Di )), 光化公主 (唐文宗)

Keisar Wenzong av Tang (20. november 80910. februar 840) var keisar under Tang-dynastiet i Kina, frå 826 til 840. Keisar Wenzong regjerte saman med den eldre bror sin Jingzong og den yngre broren Wuzong, då ved å etterfølge kvarandre frå 824 til 846. Dette var ei sjeldan ordning i kinesisk historie.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Wenzong vart fødd som Li Ang som son av den unge keisaren Muzong. Under Muzong si tid tapte Tang-riket områda sine i Hebei på grunn av eit katastrofalt felttog mot militærmakthavarane på staden.

I 823 fall Muzong av hesten under eit polo-spel og døydde. Den neste keisaren var den eldre broren til Li Ang, Jingzong. Politikken vart no avgjord av evnukkane som omgav han. Det kom til rivaliseringar mellom grupperingar rundt høvesvis Niu Sengru og Li Deyu. Talet på evnukkar ved hoffet voks til over 5.000 . Etter uro i hovudstaden blei Jingzong i 826 drepen då han kom tilbake frå ei nattleg utflukt.

Keisar[endre | endre wikiteksten]

Li Ang etterfølgde han som keisar, under tempelnamnet Wenzong. Han var då 17 år gammal. Wenzong er ikkje hugsa som nokon kraftfull keisar. Han gjorde likevel ulike framstøyt for å bryta grepet til evnukkane om makta ved hoffet. I 833 fann søt morgondugg-hendinga stad. Keisaren avtalte med ei gruppe embetsmenn at dei skulle senda evnukkane ut i tempelhagen fordi det der skulle ha falle søt dogg, og så skulle dei drepast av soldatar der. Eit blaff av vinden skal likevel ha opna teltet til dei samansvorne, slik at evnukkane fekk kjennskap til den truande faren. Palassgarden, kalla Gudekrafthæren, stod under kommandoen til evnukkane, og innleidde ein massakre på moglege samansvorne. Dette kosta tusen menneske livet. Mange av dødsoffera hadde ikkje hatt nokon ting med planen å gjera.

Den konfutsianske historieskrivinga samanlikna hendinga med massakren av 184.

Sidan leiarane til evnukkane frykta at viss dei ope greip makta, ville dei få militærguvernørane i provinsane mot seg, innsette dei medlemmane av Niu- og Li-partia i regjeringa. Den reelle makta deira var likevel sterkt avgrensa. Slik skulle den store makta til evnukkane i nokon grad maskerast.

Keisar Wenzong trekte seg tilbake frå styret av riket. Han sa at politikk baud han i mot. Keisaren døydde i 840 av følgjene av eit alvorleg alkoholmisbruk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Rainer Hoffmann, Qiuhua Hu: China. Seine Geschichte von den Anfängen bis zum Ende der Kaiserzeit. Rombach, Freiburg 2007, ISBN 978-3793094999
  • Mark Edward Lewis: China's Cosmopolitan Empire : The Tang Dynasty, Cambridge og London, Belknap Press of Harvard University Press, coll. « History of imperial China »,‎ 2009
  • Victor Cunrui Xiong: Historical Dictionary of Medieval China, Lanham, Scarecrow Press, coll. « Historical dictionaries of ancient civilizations and historical eras »,‎ 2009 (ISBN 978-0-8108-6053-7)