Wergeland-Halsvik AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wergeland-konsernet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå anleggsområdet i Sløvåg.

Wergeland-Halsvik AS er ei industriverksemd lokalisert i SløvågDalsøyra i Gulen kommune. Verksemda er i dag det største industriselskapet i Gulen.

Verksemda Wergeland-Halsvik AS ligg under morselskapet Wergeland Holding, saman med Fjordgass AS og Repparfjord Eiendom AS. Sistnemnde er lokalisert i Kvalsund kommune i Finnmark. Under Wergeland Holding finst òg dei deleigde selskapa SF Gass AS, Safeport AS og Solund Verft AS. Wergeland-Halsvik er også eigarar av Eivindvik Fjordhotell.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Wergeland-Halsvik AS
Foto: Bjarne Thune
Wergeland-Halsvik AS
Foto: Bjarne Thune
Wergeland-Halsvik AS
Foto: Bjarne Thune

Verksemda har stor variasjon i aktivitetar, men ein kan dela dei opp i tre greiner: betong, maritime aktivitetar og farleg avfall.

Betong[endre | endre wikiteksten]

Selskapet produserer ulike typar betongblokker, kantstein, såkalla "kommunalvarer" (betongrøyr og ulike kumme-delar), ferdigbetong og parkstein. Selskapet driv òg med muring, og har det største steinknuseverket i Nord-Europa. (Sjå: Halsvik Aggregates.) Dette eksporterer knust stein til mange land i Europa. Selskapet har sitt eige merke for produksjon av takstein, nemleg Wergeland Takstein.

Maritime aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Wergeland-Halsvik sender fraktebåtar langs heile kysten. Dei har lang erfaring med å frakta materiell og annan last til og frå oljebasane. Elles har dei tauebåtar tilgjengeleg, og driv kabelferja mellom Masfjordnes og Duesund i Masfjorden kommune.

Farleg avfall[endre | endre wikiteksten]

Selskapet har ei eiga avdeling for å handtera farleg avfall. Dette er særleg avfall i samband med oljeproduksjonen i Nordsjøen. Dei har eit moderne forbrennings- og reinseanlegg for oljehaldig avfall. Sidan 1991 har selskapet vore fast leverandør av denne tenesta til Norsk Hydro.

Wergeland-Halsvik AS hadde om lag 60 tilsette i 2009.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selskapet vart starta av far til Hans Wergeland, Trygve Wergeland, som oppdaga at det var store sandførekomster på garden sin, Steine ved Halsvik. Han starta difor sementproduksjon med Halsvik Cementstøperi i 1955. Då borna vart vaksne, tok dei til å arbeida i fabrikken. Hans Wergeland tok over som dagleg leiar i 1962. I 1964 utvida dei til å også produsera sementrøyr og vegsikringar. I 1979 tok dei til med produksjon av takstein, og utvida til 30 tilsette.

Rundt 1987 vart verksemda flytt frå Halsvik til Sløvåg, der ein ny taksteinfabrikk vart teken i bruk i 1990. I 1992 opna anlegget for oljehaldig avfall, og i 1994 opna steinknuseverket. I 1996 selde dei 50 % av knuseverket til det britiske selskapet Camas PLC. Då Camas PLC seinare skifte namn til Aggregates industries, vart knuseverket heitande Halsvik Aggregates A/S. I 2008 vart knuseverket heilt kjøpt opp av Aggregates Industries.

I 1996 overtok Wergeland Holding det konkurstruga Solund Skips Service AS (i dag Solund Verft AS), i 1999 vart dei eigarar av Eivindvik Fjordhotell, og i 2001 starta dei drifta av kabelferja Masfjordnes-Duesund.

I november 2006 feira selskapet 50-årsjubileum for betongproduksjonen, og i det høve fekk Hans Wergeland kongens fortenestmedalje i gull.

Styreleiar i firmaet i dag er Hans Harry Wergeland og Jan Gunnar Strand. Dagleg leiar er Reidun Katrine Halland.

Miljøproblematikk[endre | endre wikiteksten]

  • I mai 2009 gjekk miljøvernminister Erik Solheim til åtak på Wergeland-Halsvik i fjernsynsprogrammet BrennpunktNRK. Han uttalte at "Dette er eit firma med ei rufsete fortid, med mange påpeikingar ved tidlegare oppdrag, med andre ord eit firma ein ikkje utan vidare kan stole på. Difor har eg gitt streng instruks til strålevernet om at det må vere hyppige kontrollar, og det må vere uanmelde kontrollar." Dåverande dagleg leiar i firmaet, Lars Hellandsjø, svara på dette at Solheim hadde uttala seg på for dårleg grunnlag.
  • 24. mai 2007 skjedde ei eksplosjonsulukke hjå selskapet Vest Tank (no: Alexela). Dette selskapet ligg også i Sløvåg, men er ikkje tilknytt Wergeland Holding. I mars 2010 melde NRK at dei siste 56 tonna avfall etter Vest Tank-ulukka, vart brent opp av Wergeland-Halsvik. Alexela hadde nokre veker tidlegare meldt at no var siste rest av avfallet sendt med ein tankbåt til Tyskland, men ifylgje NRK hadde ikkje alt avfallet blitt med. Same dagen som dette vart meldt, sa Lars Hellandsjø opp jobben sin, men utan å oppgje grunnen til det.

Leiar i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv, meldte Wergeland-Halsvik til Økokrim på bakgrunn av dette. Wergeland-Halsvik sitt svara på skuldingane, var at avfallet som vart brend, var deira eige, men blanda med avfall frå Alexela. Dei kunne syna til brev til miljødirektoratet som prova dette, og meinte at NRK hadde overdrive.

I april 2010 overtok Reidun Katrine Halland som ny dagleg leiar i Wergeland-Halsvik AS.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]