Werner Christie (1746–1822)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Werner Christie (1746-1822))
For andre personar med namnet Werner Christie, sjå Werner Christie.
Werner Christie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. november 1746
Tysnes kommune
Død

19. september 1822 (75 år)
Wernersholm

Yrke dommar, bonde, arkitekt, geodet
Den nyare bygningen på Wernersholm som vart ført opp etter Christie døydde

Werner Hosewinckel Christie (fødd 30. november 1746 på Tysnes, død 19. september 1822 på WernersholmHop i Bergen) var ein norsk lagmann og industrigründer.

Foreldra hans var sokneprest, oppfinnar og forretningsmannen Edvard Davidson Christie (1701–57) og og proprietær Magdalene Margrethe Koren (1722–1806). I 1780 vart han gift med oppfinnar og kunstnar Helene Magrethe Kamstrup (24.2.1756–16.3.1829), som var dotter av sokneprest og prost Hans Kamstrup (1724–65) og Helene Elligers Winther (1732–1801).

Familien på Tysnes prestegard var særs velståande, og Werner Christie vart send på privatskule i Bergen, før han studerte juss ved Universitetet i København. Han skal òg ha studert mekanikk, matematikk, arkitektur og språk i utlandet. Etter han kom heim frå utlandsreisa vart han huslærar på FinnåsBømlo hos sokneprest Peder Harboe Hertzberg for den eldste sonen Niels Hertzberg.

I 1774 vart Christie «Conducteur og Land-Maaler» i Bergens stift. I 1780 vart han kanselliråd og i 1783 lagmann over Bergen og Gulating lagstol, eit embete han hadde til det vart oppheva i 1797. I lag med andre embetsmenn og kjøpmenn i Bergen stifta han Det Nyttige Selskab i 1774.

Han vart landmålar i 1774, kanselliråd i 1780 og lagmann i Bergen og Gulating i 1783.

Marmordrift[endre | endre wikiteksten]

I lag med sokneprest Hertzberg tok Christie opp drifta av det nedlagde marmorbrotet på Mosterøy og i 1775 hadde han fått privilegium på all marmordrift i Sunnhordland. Seinare hadde han privleigium på marmordrift i heile Hordaland. Han eigde sjølv dei fleste av marmorbrota. Ved Hopsfossen på Hop i Fana starta han eit marmorverk med sager drive av vasskraft. Frå her leverte han trappesteinar, gravsteinar, mortarar, bordplater med meir i polert marmor, og leverte mykje material til Christiansborg slott og Marmorkirken i København. I tillegg dreiv han med kalkbrenning.

I 1784 kjøpte han garden Hop, reiv ned dei gamle gardsbyningane og bygde seg lystgarden Wernersholm, som han bygde med eigenproduserte material. Her fekk han òg løyve til å byggje graplass for seg sjølv og kona. På Wernersholm bygde han òg ei åttekanta kyrkje med kuppel og spir, kledd i det sjølvproduserte byggematerialet sitt. Kyrkja kunne romme heile 800 menneske. På denne tida var Wernersholm ein av attraksjonane i området, og bygningane her vart omtalte både i norsk og utanlandsk litteratur på grunn av den arkitektoniske utforminga og materiala som vart nytta. Kyrkja vart samanlikna med både Peterskyrkja og Pantheon i Roma. Både hovudhuset og kyrkja vart rive av den neste eigaren av Wernersholm, Michael Krohn, som tok over då Christie døydde barnlaus.

Han lagde òg kart frå bergensområdet med kulturhistorisk verdi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]