Werner Heisenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Werner Heisenberg
Bundesarchiv Bild183-R57262, Werner Heisenberg.jpg
Fødd 5. desember 1901
Würzburg i Tyskland
Død 1. februar 1976 (74 år)
München i Tyskland
Nasjonalitet Tysk
Yrke theoretical physicist, mountaineer, akademikar, faglitterær forfattar, universitetslærar, matematikar, fysikar
Institusjonar Universitetet i Leipzig
Universitetet i Göttingen
Alma mater Universitetet i München
Doktorgradsrettleiar Arnold Sommerfeld
Doktorgradsstudentar Felix Bloch
Edward Teller
Hermann Arthur Jahn
Kjend for Heisenbergs uskarphetsrelasjon
Influerte Robert Döpel
Carl Friedrich von Weizsäcker
Ektefelle Elisabeth Heisenberg
Barn Martin Heisenberg, Jochen Heisenberg
Medlem Royal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Akademie der Wissenschaften der DDR
Saxonian Academy of Sciences
German Academy of Sciences Leopoldina
Lincean Academy
Pontifical Academy of Sciences
Bavarian Academy of Sciences and Humanities
Göttingen Academy of Sciences
Göttingen Eighteen
Kungliga Vetenskapsakademien
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Merknader
Han var far til nevrobiologen Martin Heisenberg og son av August Heisenberg

Werner Karl Heisenberg (5. desember 19011. februar 1976 ) var ein kjend tysk fysikar og ein av dei viktigaste fysikarane på 1900-talet.[1] Han vann mellom anna Nobelprisen i fysikk i 1932 «for å ha skapt kvantemekanikken». I lag med Max Born og Pascual Jordan utvikla Heisenberg matriseformuleringa av kvantemekanikken i 1925 og i 1927 publiserte han uskarpleiksrelasjonen, som bygde på filosofien hans og som han er mest kjend for. Han gjorde òg viktige bidrag i hydrodynamikken i turbulente straumar, atomkjernar, ferromagnetisme, kosmisk stråling og subatomære partiklar. Han var òg særs viktig i planlegginga av den første vesttyske kjernereaktoren i Karlsruhe og ein forskingsreaktor i München i 1957. Det har vore mykje kontroversar kring arbeidet hans på atomforsking under andre verdskrigen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Heisenberg vart fødd i ein professorfamilie i Würzburg i 1901. Faren hans var bysantinisten August Heisenberg. Studiet sitt i fysikk fullførde han på minstetida, tre år, og vart i 1924 assistent for Max Born i Göttingen og arbeidde med Niels Bohr i København. I dei følgjande åra grunnla han saman med Max Born og Pascual Jordan kvantemekanikken. Berre 26 år gammal vart han i 1927 professor ved universitetet i Leipzig, og fekk i 1932, 31 år gammal, Nobelprisen i fysikk. Mellom 1942 og 1945 leia han Kaiser-Wilhelm-Institut für Physik i Dahlem og underviste som professor ved Humboldt-universitetet i Berlin, der han deltok i hæren sin uranprosjekt og arbeidde med utviklinga av atombomba. I 1946 vart han direktør for Max-Planck-Institut für Physik i Göttingen, og frå 1958 til 1970 var han direktør for Max-Planck-Institut für Physik und Terrestrische Physik i München.

Heisenberg vart i 1957 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Med kona si Elisabeth, som han hadde gifta seg med i 1936, hadde Heisenberg sju born, mellom dei genetikkprofessoren Martin Heisenberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Werner Heisenberg. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Werner_heisenberg

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Werner Heisenberg
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Werner Heisenberg