Werner Werenskiold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For målmannen, sjå Werner Werenskjold.
Werner Werenskiold
46476 Werner Werenskiold.jpg
Fødd28. april 1883
Paris
Død2. august 1961
Bærum
NasjonalitetNoreg
Yrkegeolog, geograf
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnMarit Werenskiold

Werner Werenskiold (fødd 28. april 1883 i Paris, død 2. august 1961 i Bærum) var ein norsk geolog.[1]

Werenskiold var professor i geografi 1925-53 ved Geografisk institutt ved Universitetet i Oslo som han òg styrte i tida 1917-53. Den største innsatsen gjorde han ved å utforme ei mest mogeleg eksakt universitetsundervisning i naturgeografi. Werenskiold utførte verdifullt arbeid som deltakar i dei norske Svalbard-ekspedisjonane 1918–24. Sumaropphalda på Svalbard 1917-25 danna grunnlag for hans dr.philos. i 1924 innan meteorologien vind og straum) på øygruppa. Han leia isbre-undersøkingane i Jotunheimen frå 1927. Han studerte bl.a. Telemarksuiten og Hedmarkgruppa og gav ut mange artiklar i fagtidsskrift. Som popularisator var Werenskiold særleg kjent ved Jorden (2 bd., 1934) og som medredaktør av Norge, vårt land (2 bd., 1937; 4. utg. 3 bd., 1958) og Jorden vår klode (4 bd., 1957).

Far hans var målaren Erik Werenskiold og broren var Dagfin Werenskiold. I studietida var naboen Fridtjof Nansen mentoren hans og tanten Fernanda Nissen inspirator, så det vart cand.real. i realfag ved Det Kongelige Frederiks Universitet i 1907 før han fekk fast stilling ved Norges Geologiske Undersøkelse 1907-17. Ved universitetet fortsette han som stipendiat 1910-15 og dosent 1915-25. Han skreiv fleire bøker.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Werner_Werenskiold» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]