Werre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Werre
Else munnar ut i Werre (til høgre).
Else munnar ut i Werre (til høgre).
Utspring Eggegebirge
- Høgd 130 m
Munning Weser
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd 71,9 km
Nedslagsfelt 1 482 km²

Werre er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland og ei av sideelvane til Weser frå venstre med ei lengd på 72 km. Ho har sitt utspring nær Horn-Bad Meinberg i Eggegebirge. Werre renn hovudsakleg nordover gjennom byane Detmold, Lage, Bad Salzuflen, Herford og Löhne. Ho munnar ut i Weser nær Bad Oeynhausen. Elva kryssar landkreisane Lippe, Herford og Minden-Lübbecke.

Av sideelvar finn ein Else og Westfälische Aa.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]