West Brompton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
West Brompton
byområde
Land  England
Kart
West Brompton
51°29′10″N 0°11′40″W / 51.4861°N 0.1944°W / 51.4861; -0.1944
Brompton Cemetery i 2018

West Brompton er eit område sørvest i London. Det ligg på grensa mellom London Borough of Hammersmith and Fulham og Royal Borough of Kensington and Chelsea. Grensa for området gjennom mange hundre år var bekken Counter's Creek, som no er bygd over og ligg under jernbanelinja West London Line.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet viser til at staden ligg vest for den eldre staden Brompton,[1] som har samband med Brompton West gjennom Earl's Court og South Kensington via Old Brompton Road. Før den kraftige urbaniseringa på den andre halvdelen av 1800-talet viste Brompton også til området mellom Fulham Road, tidlegare kjend som Little Chelsea og Counter's Creek i vest. Det best kjende landemerket i området er Brompton Cemetery, som blei anlagt mellom 1837 og 1839, med storslåtte katakombar og eit kapell med kuppel av arkitekten Benjamin Baud. Staden hadde hovudsakleg marknadshagar, som planteskulen til James Veitch & Sons. Dette gjorde at velgjerarar såg på området som ein sunn stad å byggja sjukehus på i nærleiken av London. Royal Brompton Hospital blei skipa her for å behandla brystsjukdommar. Ti år seinare bestemte William Marsden seg for å bygga eit kreftshukehus her, Free Cancer Hospital, til minne om kona si. Det var utforma av Messrs John Young & Son, Architects,[2] og bygd av Lawrence Company i 1859. Seinare er det blitt verdskjent som The Royal Marsden Hospital. Elles budde den kjende forfattaren og illustratøren Beatrix Potter i området.

Dei viktigaste landeigarane i 'West Brompton' på byrjinga av 1800-talet var James Gunter, sir John Scott Lillie og familien Edwardes. Den fyrste økonomiske aktiviteten her som ikkje var knytt til landbruk fann stad vest for Counter's Creek, som mellom 1828 og 1859 blei til den kortlivde, seks mile lange Kensington Canal.[3] Jordbrukslandet aust for North End Lane var kjent som North End i soknet Fulham og omfatta ein del herskapshus, som The Hermitage og det mindre imponerande The Grange, der kunstnaren Edward Burne-Jones heldt til. Det blei anlagt ein ny veg for å binda saman North End og Kensington sokn med tilgang til den nye Hammersmith Bridge av sir John Scott Lillie (1790–1868), ein veteran frå den spanske sjølvstendekrigen, vegbyggar og kanalinvestor som seinare blei gravlagd i Brompton Cemetery. Etter at Gunter's Bridge blei bygd over kanalen i 1826 blei vegen på begge sider kalla Richmond Road.[4]

Sir John Fowler, 1. baronett var ein sivilingeniør frå Yorkshire som tok over som consulent ved Metropolitan and District Railway etter at Brunel døydde. Han var aktiv i området med omsyn til å leggja spor og byggja bruer, og til skipinga av Lillie Bridge Depot and Railway Engineering works i 1872. Han utforma mellom anna West Brompton stasjon, som opna i 1865. Fowler er gravlagd ved Brompton Cemetery.

West Brompton F.C. var eit pionerlag i fotball på 1800-talet. Dei spelte i West London Cup saman med lag som Fulham F.C. og Queens Park Rangers F.C.

West Brompton har i dag områda West Kensington og Earl's Court i nord, Chelsea i aust, Fulham Broadway i sør og Fulham i vest.

Stader i nærleiken[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. West Brompton and the South Kensington Museum, http://www.british-history.ac.uk/old-new-london/vol5/pp100-117
  2. «Architect John Young 1797–1877». Arkivert frå originalen 28. september 2021. Henta 17. september 2021. 
  3. «The Kensington Canal, railways and related developments». 
  4. Charles Feret, Fulham Old and New, published by Leadenhall Press Ltd. London by private subscription in 1900