Westamaran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS «Broč», tidlegare MS «Sunnhordland», er ein Westamaran Type W95 bygd i 1975.

Westamaran er ein katamarantype utvikla som snøggbåt av Westermoen Hydrofoil i 1973. Båttypen vart særs populær, og introduserte ein ny æra for transport langs norskekysten og andre stader.

På ruta frå Bergen til Stavanger eksisterte det alt frå tidleg på 1960-talet eit hurtigbåtsamband med hydrofoil. Dei første westamaranene gjekk saktare enn hydrofoilane, men dei var meir komfortable, og betre likt av publikum. Plassforholda var betre, og desse båtane gjekk lang mjukare i uroleg vêr. Dei var òg meir driftssikre og hadde ikkje behov for spesielle gangvegar etc. ved anløpsstadane.

Westamaranen hadde asymmetriske skrog, der innsida var nærast flat, og tunnelen mellom skroga var rektangulær i tverrsnitt. Profilen var ganske lik ein Storm-klasse torpedobåt delt i to, og konstruksjonen av Westamaranen var basert på røynslene frå denne båttypen.

Spesifikasjonar:

  • Kapasitet: 166 passasjerar
  • Lengd: 26,67m
  • Breidde: 9,02m
  • Djupgang: 1,20m
  • Motorar: 2 x diesel MTU 12 V 396 TC 62
  • Effekt: 2 x 880 kW.
  • Drivverk: Aksler gjennom to ZF BW 800 HS 20 hydrauliske gearkasser til to LIPS faste propellere.
  • Hjelpemotor: Mercedes OM 314, Stamford MHC 2341 generator 32,5 kVA

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]