Westbourne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Westbourne
elv
Land  Storbritannia
Kart
Westbourne
51°29′06″N 0°09′14″W / 51.485°N 0.1538°W / 51.485; -0.1538
Wikimedia Commons: River Westbourne
Westbourne i røyr over undergrunnen ved Sloane Square undergrunnsstasjon.

Westbourne er ei av dei no overbygde elvane i London og ei sideelv til Themsen frå nord. Det eldste kjende namnet på elva var Kilburn (Cye Bourne, «kongsbekken»); på visse strekningar og til ulike tider har ho òg gått under namn som Bayswater, Ranelagh og Serpentine River. Westbourne er avleidd av den eldste busetnaden omkring Westbourne green, som låg West of Bourne - «vest for bekken». Westbourne er i dag i sin heilskap lagt i kulvert.

Wetbourne kjem frå Hampstead og renn sørover gjennom bydelen Kilburn, som opphavleg var namnet på elva i dette området. Ho renn langs Kilburn Park Road og Shirland Road, gjennom området Bayswater rett vest for Paddington stasjon og inn i Hyde Park. Bayswater har namn etter Bayards Watering, som skal ha vore ein stad for vatning av hestar der vegen mellom London og Uxbridge kryssa Westbourne.

Gjennom Hyde Park manifesterer Westbourne seg som den langstrekte dammen Long Water/Serpentine, anlagt i 1730 ved oppdemming av Westbourne i sørenden av parken. I røyndomen går ikkje det forureina vatnet til Westbourne lenger inn i dammen; han får tvert imot vatnet sitt frå Themsen.

Westbourne forlèt Hyde Park ved Knightsbridge, som opphavleg var ei bru over elva. Herfrå og ut i Themsen dannar ho grensa mellom bydelane Westminster og Kensington and Chelsea. Ho renn ut i Themsen ca 300 m ovanfor Chelsea Bridge, gjennom eit røyr som enno er synleg ved lågvatn. Bourne Street like ved Sloane Square er eit minne om Westbourne. Ved Sloane Square undergrunnsstasjon kan Westbourne sjåast (og høyrast) i eit kolossalt røyr over skjenegangen.

På 1400-talet vart Westbourne teke i bruk som drikkevasskjelde for London, og det vart lagt roer av holte trestokkar fram til vasspostar i City. Utover på 1700-talet vart Westbourne meir og meir tilgrisa av kloakk, og ikkje lenger brukbar som vasskjelde.

Ved utbygginga av Belgravia, Chelsea og Paddington vart Westbourne litt etter kvart lagt i roer, eit arbeid som var fullført i 1850-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]