Westermoen Hydrofoil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Westermoen Hydrofoil A/S (WH) var eit skipsverft i Mandal som spesialiserte seg på bygging av hydrofoilbåtar på lisens frå Italia. Verksemda vart skipa av Toralf Westermoen i 1961.

Den første båten, HF «Westfoil», vart levert i 1962. Denne vart levert til Bahamas.

WH bygget fleire små og store hydrofoilbåter (PT 20, PT 50) som vart sett i trafikk på eigna strekningar i forskjellige farvatn på Vestlandet, i Oslofjorden, i Øresund, på Bahamas og i Hellas.

På slutten av 1960-åra bygde WT den største hydrofoilbåten i verda av typen PT150. HF «Expressen» med plass til 250 passasjerar vart bygd på bestilling frå eit svensk reiarlag. Båten oppnådde derimot ikkje den snøggleiken på 38 knop som var stadfesta i kontrakten, og kontrakten vart derfor heva. Dette var byrjinga på slutten for hydrofoil-epoken i Mandal.

Etter dette satsa HF på å utvikle ein hurtigbåt av katamarantypen – Westamaranen. Denne båttypen vart ein stor suksess og gav eit nytt gjennombrot for snøggbåtar i Norge.

I løpet av 1980-åra vart namnet på verksemda endra til Westamarin. Westamarin var i verksemd til midt på 1990-talet. Bedrifta var i disse åra eit leiande verft for utvikling av snøggbåtar, ikkje berre i Noreg, men òg i internasjonal samanheng.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

SS:

W86:

W95:

W88:

W100:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]