Westfal-Larsen & Co.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Westfal-Larsen & Co. AS er eit norsk familieeigd reiarlag grunnlagt i Bergen i 1918 av Hans Westfal-Larsen for å overta fartøy og kontraktar som Westfal-Larsen hadde disponert frå 1905. Attåt tørrlasteskip byrja reiarlaget oversjøisk linjefart, i 1926 rundt Sør-Amerika (Westfal-Larsen Company Line) og i 1930 mellom det nordaustlege Stillehavet og Nord-Europa (Interocean Line). Ved utbrotet av den andre verdskrigen var Westfal-Larsen det nest største reiarlaget i landet, men mista ein stor del av flåten under krigen.

Westfal-Larsen satsa frå 1960-åra òg på kjemikalietransport og vart av dei største på området i verda, men selde i 1990 denne verksemda. Reiarlaget overførte i 1995 bulkskipa sine til det nye reiarlaget Masterbulk basert i Singapore. Skipa vert operert gjennom Star Shipping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Westfal-Larsen & Co. AS» i Store norske leksikon, snl.no.