Westlandpetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Westlandpetrell
Westlandpetrell Foto: Mark Jobling
Westlandpetrell
Foto: Mark Jobling
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av westlandpetrell
Utbreiinga av westlandpetrell
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Procellaria
Art: Westlandpetrell P. westlandica
Vitskapleg namn
Procellaria westlandica

Westlandpetrell (Procellaria westlandica) er ein sjøfugl og ein medlem av slekta Procellaria-petrellar. Som hekkefugl er han endemisk for New Zealand. Han er òg ein flyttfugl som spreier seg i det sørlege Stillehavet mellom austkysten av Australia og stillehavskysten av Chile. Dette er ein særmerkt art på New Zealand fordi arten er ein av dei siste stormfuglane som framleis hekkar på fastlandet og er del av eit opphavleg og unikt økosystem.

Westlandpetrellen er einsfarga mørk brun til svart, berre dei lange hornplatene i nebbet er gule, nebbspissen og linjene mellom hornplater er mørke, beina er òg mørke. Han er ein stor medlem av stormfuglfamilien, kroppslengda er ca. 48 cm og han veg om lag 1100 gram.[1]

Hekkeområdet er svært avgrensa og ligg i tett skogkledde åsar innanfor eit verna område i Paparoa nasjonalpark, Paparoa Range på nordvestsida av Sørøya på New Zealand. Hekkinga tar til tidleg på vinteren, i mai månad, og ungane blir flygedyktige på våren, i november til desember. Han er ein av dei største petrellane som hekkar i hòler.

I hekkesesongen kan han treffast både på vest og austkysten av New Zealand og vestover til Australia. Migrasjon skjer i perioden desember til mars, og går til sentrale og austre Sør-Stillehavet,[1] slik at det totale utbreiingsområdet ligg mellom Chile og Australia.

Den naturlege føda er fisk, blekksprut og planktoniske krepsdyr, men dei tar òg fiskeriavfall i stor mengd i hekkesesongen.

Westlandpetrellen er truga av introduserte rovdyr, spesielt villkattar. Dei blir òg tatt som bifangst ved linefiske. Styresmaktene på New Zealand har iverksett tiltak for å kontrollere kattar, og dessutan tiltak mot andre rovdyr og truslar mot kolonien. Populasjonen er estimert til totalt 12 000 reproduserande individ og er stabil,[2] totalt kan bestanden vere på 20 000 individ.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson, 2005
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]